Middagsplanleggar

Inspirert av amerikanske husmødre på pinterest har eg laga ei tavle der vi kan planlegge middagar for ei veke om gongen. Vi likar å gjere innkjøp ein gong i veka, og då passar det godt å ha ein slik oversikt. Papirkorta har eg laga i word og printa på litt kraftig papir. Sjølve tavla er ei ramme eg hadde liggande som har fått seg litt maling. Resten av utstyret var også ting eg fann på hobbyrommet. Godt å få brukt opp litt saker og ting i blandt!

Advertisements

3 Responses to “Middagsplanleggar”


  1. 1 Marianne Guddal 07/05/2012 ved 15:44

    Den var veldig praktisk, men kan ikkje du legge ut nye middagsforslag kvar veke, det hadde vore deilig. Gjerne med oppskrift!!!!

  2. 2 Sissel 09/05/2012 ved 16:51

    Så smart! Den var flott! 😉
    Dette har eg også prøvd meg på, med varierande hell, så får kanskje kopiere idéen din i håp om å lykkast..

  3. 3 Åsa Tidqvist 10/07/2012 ved 08:55

    Vad fint! Detta ska jag komma ihåg, ser väldigt ordnat och snyggtt ut!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: