Bloggjulemesse med lotteri

Det begynner så smått å gå opp for meg at det ikkje er lenge til jul, og i den anledning har eg gått gjennom overskotslageret for å sjå etter potensielle julegåver. Og der var det mykje rart gitt! Veslefrøkna kjem aldri til å få bruk for alle baby- og barnetinga eg har liggande, og eg føler at tida er moden for å rydde plass til nye kreasjonar. Difor tenkte eg å legge ut for sal ein del av det eg har laga, så kan kanskje nokon andre få glede av det? Det blir nesten som ei lita julemesse i bloggformat.

Og alle julemesser med respekt for seg sjølv har lotteri. Eg har nyleg runda 100 000 (!) treff på bloggen sidan oppstart, og tenkte eg skulle feire det med ei loddtrekning. Premien er handlaga og kjem sjølvsagt frå overskotslageret. Prøvde å finne ein «gevinst» som var nokonlunde nøytral, og endte opp med dette:

Eit vintersett i naturkvit babyull med hue, smetteskjerf og vottar. Storleik 0-3 mnd. Dei fleste har vel bruk for ei barselgåve i blandt? Er du interessert så skriv ein kommentar til dette innlegget! Eg trekk vinnaren, samt ein trøystepremievinnar søndag 4. desember.

Så tilbake til overskotslageret. Ein del av tinga har du gjerne sett før dersom du har fulgt bloggen ei stund. Kanskje du finn noko du kan bruke som julepresang her? Send meg i so fall ein epost til heimelaga(alfakrøll)gmail.com

Babykjole laga av herlig retro sengetøy og nytt blått prikkestoff. Storleik 62. Grøne knappar på skuldrane, lyseblått fôrstoff i bærestykket. Pris 220,-

Rosa smekke med «monster» (tekstiltrykk). Sydd av stilig, eldre, ubrukt stoff med små kvite prikkar. Naturkvit bakside. Plasttrykknapp med monster på! Pris 80,-

Ribbebukse med lang brukstid, str 0-1 år. Strikka av finull, bør handvaskast. Løpegang for elastikk i livet (eg kan sette inn svart strikk om ønskeleg). Pris 150,-

Vattert lappeteppe som eignar seg som vognteppe/lite leiketeppe. Sydd av gjenbruksstoff samt eldre, ubrukte stoff. Baksida er einsfarga mellomblå. Måler 55 x 68 cm. Pris 250,-

Babysett i lyseblå babyull med hue, eit par snøresokkar og eit par tøflar med reim og knappar. Pris 180,-

Brun overall med kvite prikkar sydd av eit eldre, delvis syntetisk stoff. Kanta med bomullsribb. Metall-trykknappar midt foran. Str. 60. (Denne skulle eg gjerne brukt på veslefrøkna, men den var blitt for liten då eg tok den fram!) Pris 150,-

Blå og kvitstripete jakke str 0-3 mnd. Garnet er Viking milk&honey, dvs bomull blanda med mjølkefibrar (70/30). Det er supermjukt og perfekt for nyfødde.  Pris 200,-

Varme, mjuke babyboots (sko om du vil) str 3-6 mnd. Dobbel såle i ull + fleece, tå i ullfilt og fleece innerside. Strikk rundt ankelen og tre plasttrykknappar på yttersida av foten. Alle stoff unntatt fleecen er RePro-stoff. Pris 200,-

Babytøflar i ull med reim over ankelen og søt treknapp på yttersida av foten. Str 3-6 mnd. Pris 60,-

Dynetrekk str 60 x 80 (på biletet dandert oppå babydyna til veslefrøkna). Laga av bomullsstoff i solid kvalitet og fine fargar. Baksida på nr 1 (brun/grøn/blå) er brun med kvite blomar (retro). Baksida på nr 2 (gul/brun) er einsfarga naturkvit. Opning i nederste ende. Pris 180,-

Advertisements

7 Responses to “Bloggjulemesse med lotteri”


  1. 1 Synnøve 25/11/2011 ved 21:57

    Så utrolig mye fint du har på lager! Jeg sikler veldig på den premien jeg, altså!! Sier som deg: hvem har vel ikke bruk for en barselgave?!

  2. 2 Ingeborg 25/11/2011 ved 23:38

    Wow, skal seie du er produktiv! Og så mange fine ting som du lagar! Eg håpar eg vinn ei barselgåve i lotteriet ditt, for no er det mange babyar på trappene og litt for lite tid til gåve-produksjon for min del…

    – ingeborg –

  3. 3 ragnhild 27/11/2011 ved 00:12

    dette er jo den perfekte barselgave -og dei ser det ut som om vi vil trenge mange av i månadene framover, så ta gjerne ei juksetrekning og send plagga direkte til Bergen 😉 GLEDER meg uansett veldig veldig til å sjå både deg og ho der lille neste helg!!!

  4. 4 Hedda 29/11/2011 ved 22:29

    Eg er med! Strikkar lite for tida, og kven veit når ein plutseleg treng ei barselgåve?

  5. 5 Heidi 30/11/2011 ved 00:31

    Eg som faktisk aldri strikkar vil også vere med i lotteriet…

  6. 6 Marianne Guddal 30/11/2011 ved 10:43

    Her var mykje fint, kan godt tenkje meg og vinne her

  7. 7 Sissel 30/11/2011 ved 12:50

    Du er så flink, og lagar så mykje bra ting! 🙂
    Alltid kjekt å kunne vinne noko strikk, det går sakte framover med strikkinga her i heimen..
    Ha ei fin førjulstid!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: