Superfin barselgåve

Vi har fått utruleg mange flotte gåver etter at veslefrøkna kom til verda, og denne uroen er så fin at eg føler eg må dele den med blogglesarane mine. Den er samansett av mange små delar som alle spring ut frå eit stort tre. Til mi store glede har designaren nytta figurar som eg likar veldig godt; ugler, sauar, tre/blad, skyer, hus og sopp. Og fargekombinasjonane er så fine! Dei kvite delane lyser i mørket, noko vi ikkje har fått testa skikkelig enno sidan uroen foreløpig heng over vogga i stova der frøkna søv på dagtid. Men ho ligg ofte og kikar på dei mange figurane, både når ho skal sove og når ho ligg på leiketeppet ved sidan av vogga. Ei stund  begynte ho å smile kvar gong vi holdt ho opp slik at ho kunne sjå studere uroen på nært hald.

Tusen takk til T, T og M som var snille å gje oss denne artige og dekorative gåva!

Advertisements

0 Responses to “Superfin barselgåve”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: