Laga til Liv

To veker før veslefrøkna vår kom til verda var det ei anna snuppe som såg dagens lys i hovudstaden. Ho heiter Liv og er kjempesøt! Mammaen til Liv gav uttrykk for at viss babyen som kom ut av magen var ei jente så ønskte ho seg ein slik Pickles-kjole. Eg tok gladeleg på meg «oppdraget» og strikka denne. Riktignok i eit anna garn (Drops merino extra fine – overraskande kjedeleg fargeutval på butikken!) enn originalen. Eg er ikkje heilt fornøgd med fargevalet, men hadde ikkje lyst å gå for typisk rosa eller lilla og då var dette det beste alternativet. Og sidan det var så lite restegarn att då eg var ferdig blei det tøflar og ikkje turban som tilbehør. Det blir spennande å høyre om Liv får glede av kjolen sin i løpet av hausten!

Advertisements

1 Response to “Laga til Liv”


  1. 1 LiSa 07/08/2011 ved 23:39

    Så fin kjole!!
    ønsker deg ei fin uke!

    klem


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,535 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: