Hentesett

 

 

Nok ein gong har svigermor imponert meg med strikkinga si! Somme trur kanskje at hobbyentusiastar som meg ikkje ønskar seg heimelaga gåver, men er det noko som blir verkeleg høgt verdsett på gåvefronten så er det ting som andre har laga og brukt tid og omtanke på. 

Dette hentesettet er altså «Til lissjegollje – Frå farmor», og mini i magen sparkar i fryd og gler seg til å få prøve det! Det er strikka i deilig babymerino, og sidan vi ikkje akkurat bur i tropiske klima skal nok dette bli godt brukt sjølv om vi ventar sommarbarn.

Her snakkar vi forseggjort handarbeid. Tynt garn, strikka på tynne pinnar og med kjempefint flettemønster. Sjølv har eg til gode å strikke ei einaste flette, og syns det ser både vanskelig og tidkrevande ut. Eg held meg til dei kjappe prosjekta…

Svigers har endåtil sponsa oss med nytt bilsete (som vi plutselig ønska oss sidan vi plutselig kjøpte ny bil med isofix!), så no skulle alt ligge til rette for at den nye verdsborgaren skal komme seg heim både varm og god og under trygge forhold når tida er inne…:) Tusen takk!!! 

Advertisements

2 Responses to “Hentesett”


  1. 1 Synnøve 02/06/2011 ved 13:43

    Wow! Utrolig fint! Her ligger det mye arbeid bak!

  2. 2 Merete 02/06/2011 ved 22:32

    Veldig lekkert! Mye arbeid og kjærlighet som ligger bak, det er utrolig fint å få strikkeplagg i gave.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: