Babysovepose

Her er ein babysovepose som eg har sydd berre fordi eg fekk lyst til å prøve noko nytt. Veit ikkje om vi kjem til å bruke sånt, men det kan sikkert vere praktisk å putte babyen i ein slik når nettene blir lange og kulda setter inn. Særlig om småtassen er av det slaget som spreller av seg sokkar og dyne. 

Har sydd den i eit lag tjukt, mjukt stoff frå billigkroken på S&S, og dekorert med restar frå det glade 70-tal.  I sida er det glidelås og på venstre skulder er det to knappar slik at det skal vere lett å ta posen av og på. Halsen er kanta med ribb, noko som ikkje er så lett å få fint med ei vanleg symaskin, men så er det jo heller ikkje eit stasplagg som skal gåast etter i saumane.

Advertisements

4 Responses to “Babysovepose”


  1. 1 Hedda 19/05/2011 ved 09:36

    Kjempepraktisk her i gården, iallefall! Synne har aldri sove med dyne på ei heil natt, så ho hadde sikkert frose i hjel utan sin pose. Sy to! Dei må jo vaskast;)

  2. 2 ragnhild 19/05/2011 ved 20:42

    Kunne ikkje sagt det bedre enn Hedda. Berre bytt ut «ynne» med «elma», så kan eg signere under. Kan du ikkje kjøpe deg ei overlockmaskin sånn at du kan lære meg å bruke det når eg omsider får kjøpt meg ei?

    • 3 Kristine 22/05/2011 ved 10:42

      Overlock, ja…har jo veldig lyst på, men har aldri prøvd å sy med ei sånn maskin, og dei kostar jo svinemasse pengar. Og kven veit kva eg får tid til når karate kid ikkje lenger bur i magen??? Eg driv og ventar på å få låne ei gammal overlockmaskin av ein kollega av mamma. Trur vi begynner der…

  3. 4 Ingeborg 23/05/2011 ved 10:02

    Vi treng også ein slik! Har dåke mønster til låns?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,337 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: