Til varme sommardagar

Det er vel ikkje berre eg som drøymer om varme sommardagar no om dagen. Vestlandsvåren er ikkje nødvendigvis så innbydande sånn vêrmessig, så sjølv om eg heller vil ha vår enn vinter lengtar eg etter sommaren. Ein sommar med mykje sol, varme dagar, tørr asfalt og blomar i vegkanten. Og når magebuaren kjem til verda skal eg stille klar med kle for både varme og kalde dagar. Siste tilskot i den potensielle garderoben (det kan jo vere at eg gir vekk ein del av tinga) er denne vesle skjorta. Den er sydd i tynt bomullsstoff etter mønster frå Sikk Sakk-boka. Eit morsomt og enkelt plagg å sy! Men ikkje nødvendigvis så praktisk for ein bitteliten kropp…Pyttpytt, det må vel vere lov å kle seg litt morsomt, pent og upraktisk av og til, også når ein er nyfødd! 

Om nokon har tips til korleis ein kan sy halssplitt med skråband på ein fin måte så blir eg glad for tips! Syns det er litt kronglete å få det fint akkurat nederst i splitten.

Advertisements

3 Responses to “Til varme sommardagar”


  1. 1 Solveig 18/04/2011 ved 21:20

    Så flittig du er! Helt nydelige klær du lager, som vanlig;o)
    Kose deg masse i påsken – det skal jeg. Og så håper vi på både sol og varme her vest – det synes eg absolutt vi har fortjent!!
    Klem fra Solveig

  2. 2 Kitty 24/04/2011 ved 16:10

    Hei Kristin .Ja, du er ei kreativ jente.Og du varierer i det du lager.Kjekt å se din produksjon.Klæm fra mæ Kitty.

  3. 3 skrekk&gru 12/05/2011 ved 22:06

    hei, flott skjorte! du har jo fått skråbåndet vedldig fint til. Dersom du syr en liten skrå søm på baksiden av båndet, nede i selve spissen blir det perfekt! håper du forstod, ikke så lett å forklare…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,337 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: