Gut eller jente?

Mini i magen er ein liten luring som vil holde kjønnet sitt hemmelig. Det betyr at babyutstyrsproduksjonen i heimen delvis blir laga ut i frå ein tankegang om at tinga bør vere kjønnsnøytrale. Men kva er eigentleg kjønnsnøytralt? Ikkje veit eg. For sjølv om eg i utgangspunktet tenker at eg gjerne kan kle ein gut i raudt eller ei jente i grønt og blått er det slett ikkje sikkert at det er så greit når det faktisk kjem til stykket. Denne jakka for eksempel…den blei vel ganske gutete…?

Uansett synast eg at den blei ganske kul, og den er supermjuk og deilig for ein bitteliten kropp (str. 1-3 mnd). Garnet heiter Milk & Honey og består av 70% bomull og 30 % mjølkefibrar. Oppskrifta er frå Garnstudio, Babydrops nr 17-4.

Eg aktar å fortsette å strikke og sy babykle som ikkje berre er kvite, beige og brune, så får vi sjå kva som havnar i babygarderoben her i huset og kva som blir gåvemateriale.

Advertisements

6 Responses to “Gut eller jente?”


  1. 1 ragnhild 08/04/2011 ved 15:53

    Forstår deg godt. Prøver å lage velkommen-til-verda-gave til lillevesenet ditt, men ekje så lett å få det kjønnsnøytralt og kjekt på samme tid 😉 Det fine er at dette er eit luksusproblem 🙂

  2. 2 Åse Marit W.U. 08/04/2011 ved 16:41

    Så søt jakke! Skjønner godt kva du meiner med at kjønnsnøytralt ikkje er så lett i praksis. Spesielt når babyen er heilt nyfødt, for då ser mange på kleda for å sjå kva kjønn det er. MEN trur ei lita jente blir kjempefin i den jakka til f.eks. raud sparkebukse og slevesmekke(eit must hos oss i 3- mnd- alderen!):) Kjekt å ha litt variasjon i fargane enten det er gutt eller jente!

    Gler meg til å sjå videre produksjon til babygarderoba! Håper at forma er berre fin:)

    Ha ei god helg!

  3. 3 Hedda 08/04/2011 ved 21:10

    Synne er gut rett som det er. 3 veker gammal kom ho i blå kjole på helsestasjonen, og helsesøstra gratulerte med guten. Men det er ikkje så nøye! Heldigvis kan ein kle ungen i det ein sjølv vil. (Og så har ho alltid fått rosa smokk…)

  4. 4 Merete 09/04/2011 ved 21:22

    Guttete eller jentete, det kommer mye an på hva man har til. Og det blir vel kjedelig å strikke alt i bare hvitt? Kan jo være at det blir et barn med superfine blå øyne som kler blått best, jente eller gutt.

  5. 5 Solveig 12/04/2011 ved 17:44

    Nå er det altfor lenge siden jeg har vært innom bloggen din! Så masse fint du har laga;o))) Visst må man ha litt farger – det trengst etter denne vinteren i alle fall. Jeg har malt i hvitt her hjemme, men er nesten litt desperat etter farger for tiden;o)))
    Lykke til videre med ventetiden. Så kjekt det er å kunne kose seg med slike yndige små plagg – du som har laget så masse fint til andre opp gjennom årene;o)
    Sees snart;o)
    Klem fra Solveig

  6. 6 Reidun 26/04/2011 ved 01:35

    Denne passa no godt til ei lita snuppe og denne =)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: