Stova


Som nemnt tidlegare har mannen i huset fiksa opp stova, og både golv og veggar har blitt fornya. Her får du ein liten kikk inn i stova og kan sjølv vurdere resultatet. Eg er veldig fornøgd! Ser du på «før-biletet» under skjønar du kanskje kvifor vi har hatt lyst på endring ei stund.

Mørkt, slitt laminatgolv med altfor mange fargenyansar. Stripete tapet i varme beige tonar.

Vi likar godt å mikse gamle og nyare møblar og interiørgjenstandar, og med kvite veggar og lyse golv kom teakskjenken og -lampa (begge bruktfunn) meir til sin rett.

Vi har ikkje gått til innkjøp av verken nye eller gamle møblar etter forandringa, men dette bildet vart innkjøpt på Epla.no for å tilføre noko nytt på dekorasjonsfronten. Som vordande helsesøster syns eg det var både dekorativt, koseleg og humoristisk med eit bilde som etterlignar ei synstavle.

God helg til deg som kikkar innom!

Advertisements

6 Responses to “Stova”


  1. 1 Reidun 25/03/2011 ved 22:38

    So koselig doke har det!! =9 Blei veldig fint med nytt gulv og farge på veggane! Det bildet som ligna på en synstst, var kjempekult!! Lure på om eg og må leite etter et sånt!

    God helg til der eog ❤

  2. 2 Åse Marit 25/03/2011 ved 23:28

    Så fiint det blei!! Akkurat slik golv eg ønsker meg:) Lyst og lett og teakmøblane kom heilt klart til sin rett. Sikkert godt å vere ferdig med ei så pass stort prosjekt!

    Ha ei god helg og nyt den fine stua di!

  3. 3 Beate 26/03/2011 ved 00:01

    Herremann for en mann og en stue!!

  4. 4 Kitty 26/03/2011 ved 13:53

    Ja, det må jeg si,dette er lekkert.Ka ska dok med nye møbla mår det blei så pænt.Ha ei god helg.

  5. 5 Heidi 26/03/2011 ved 19:00

    Du og du kor fint dokke he fått det. Lenge sida ej he våre på besøk! Må ta mej entur snart 😉

    Hihi.. God helg Kristine 🙂

  6. 6 Hanne 26/03/2011 ved 23:44

    Fint golv! Va’kje dumt ditte nei! Go helg! Klem!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: