Pippikjole

Vi har veldig trivelige naboar vegg i vegg her vi bur. Så då eg blei spurt om å sy ein pippi-inspirert kjole til nabojenta skulle på karneval var det ikkje vanskeleg å seie ja! Kjolen var også meint å skulle kunne fungere til kvardagsbruk til sommaren, så den kunne ikkje vere heilt crazy. Mammaen fekk sjølv velge ut stoff til både kjole og lommer, og vi blei einige om korleis kjolen skulle sjå ut. Den er sydd etter mål, utan mønster, men inspirert av ein redesign-kjole i boka Sikk Sakk av May B. Langhelle. Eg sette glidelås i sida i staden for å ha knappeopning bak slik originalen har. Enklare for ein sjølvstendig 4 åring å kle av og på seg då.

Den eine lomma er sydd av eit Emil i Lønneberget stoff som ein supersnill kollega forærte meg etter eit besøk på bruktbutikken. Koselig med slike kjente figurar som detaljar på barnekle.

Korleis nabojenta blei sjåande ut på karnevalsdagen veit eg ikkje, men eg kan tenke meg at ho var stilig med pippiparykk, selekjole og ein rosa og ein limegrøn strømpebuksefot!

Advertisements

3 Responses to “Pippikjole”


  1. 1 Heidi 11/03/2011 ved 22:55

    En utrolig herlig kjole!!

  2. 2 LiSa 12/03/2011 ved 01:53

    Knall stilig kjole! Det gjorde det lille ekstra med stoffet til lommene!
    Ønsker deg ei fin helg!

  3. 3 Synnøve 13/03/2011 ved 18:53

    Regner med frøkna ble ordentlig fin! Kjolen var kjempesøt i hvert fall! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,535 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: