Jubel og glede!

Eg har så mange ting å vere glad for om dagen at eg tenkte å dele det med blogglesarane mine og arrangere ein liten give away. Viss du har lyst på eit skittentøysnett og ein mindre tøypose som kan vere praktiske å ha med på reise, så hiv deg på den glade bølga og skriv ein kommentar til innlegget. Eg trekk ein vinnar (og kanskje ein trøstepremie…) søndag kveld 27.februar.

Begge posane er laga utelukkande av gjenbruksstoff (gardiner), har snørelukking i toppen og er maskinvaskbare på 40 grader. På den vesle posen er det ei lita lomme med knapp. Og, ja, nok ein gong har eg publisert bilder av ting som burde hatt seg ein omgang med strykjernet først…

Og viss du undrar på kvifor eg er så glad så kjem det ei liste her i uprioritert rekkefølge:

  • eg har vore på mange veldig koselige besøk siste tida
  • mannen har pussa opp stova og eg er superfornøgd (bilder kjem etter kvart)
  • eg stod på eksamen
  • inni magen min bur det eit lite, nytt menneske som eg skal bli mamma til i sommar (!!)
  • vekependlartilværet er over og eg har flytta heim for å ha praksis
  • varmepumpe er installert og gjer huset passe varmt heile døgnet
  • dagane blir lengre og lysare og snart er det vår
  • eg har frihelg åleine heime, og kan sy og strikke så masse eg vil uten å tenke på studiet
  • vi har fått garasjeportåpnar så eg slepp å slite meg ut for å få opp/ned porten
  • det er mange snille folk rundt oss som gjerne vil låne bort babyutstyr
  • i skapet er det sjokolade…
Advertisements

18 Responses to “Jubel og glede!”


  1. 1 Ann Tove 18/02/2011 ved 16:53

    Her var mange gode grunnar for å juble. Ikkje minst den lille i magen, ein herleg følelse å bere fram ein ny verdensborger. Ynskjer deg ei flott helg.

  2. 2 Gagn 18/02/2011 ved 18:10

    Så kjekt! Du har MANGE grunnar til å vere glad! Spesielt kjekt at du skal bli mamma + at det er sjokolade i skapet ditt 🙂 God helg!

  3. 3 Sissel 18/02/2011 ved 18:29

    Denne lista di gjer meg glad!
    Eg er så glad på dokkas vegne! Kjekt at du stod på eksamen også 🙂 Men det var del vel ingen tvil om..
    Her går det i vasking av hus og heimelaga tapasførebuingar, så det vert nok ei bra helg. God åleinehelg til deg! Klem

  4. 4 Monica 18/02/2011 ved 19:38

    For ei kjekke liste:) Og gratulerer med bestått eksamen! Hurra! Snart e du helsesøster! Vi e på sunnmøre en tur, tenke å høre om du e heime på torsdag? Blir på dagen i 12 tida, så du e vel i praksis?? GOD HELG til deg! Klem klem

  5. 5 Benthe 18/02/2011 ved 20:09

    Her sit eg med tårer i augekroken etter å ha lest lista di… :o) artige posar, og ei liste til ettertanke! Kjenner igjen følelsen av endeleg å vere heime-heime igjen, ha ei fine helg :))

  6. 6 Marit 18/02/2011 ved 21:48

    Så mange fine ting!! Gratulerer med underet i magen! Store ting. Og sjokolade i skapet, små (men viktige) ting. God helg!

  7. 7 Synnøve 18/02/2011 ved 22:53

    Oi, gratulerer så masse! Her var det mye å glede seg over, og spesielt for den nye verdensborgeren! 🙂 Fine giveawaypremier også! 🙂

  8. 8 Bente 18/02/2011 ved 23:02

    Gratulerer med alle de flotte tingene som skjer i livet ditt. 🙂

    Hilsen fra fornøyd mor til smekkebruker i Stavanger. 🙂

  9. 9 wenche Hårklau Vallestad 18/02/2011 ved 23:21

    Hei på deg!! For ei fantastisk liste du har!!!!! Forstår at lykka di må vere stoooor. God helg. klem

  10. 10 Hanne 18/02/2011 ved 23:22

    Å so gla ej vart her om dagen, når ej høyrte om babyen!!! Gratulerer! Klemmar frå mej!

  11. 11 Runa 19/02/2011 ved 15:45

    Eg prøver stadig ut vinnerlykka, kanskje det er her eg skal vinne dine fine heimelaga ting??
    Utifra den SUPRE lista di har du allerede vunnet en god del ser eg, nyt livet, våren, sjokoladen og den voksende magen!!

  12. 12 Marthe 20/02/2011 ved 10:02

    For en herlig liste med alt fra baby til sjokolade! Du har en unik evne til også å glede deg over de små tingene i livet! Eksempel til etterfølgelse! 🙂 Stooor klem

  13. 13 Åse Marit 21/02/2011 ved 23:39

    Fantastisk!! Gratulerer så mykje med den lille i magen. De har SÅ mykje spennande i vente:) Ønsker deg ei gooood tid framover og håper at forma er fin!

  14. 14 dagane 22/02/2011 ved 17:57

    Rykter om baby har nådd meg frå Hagelia – gratulerer!

  15. 15 Heidi 23/02/2011 ved 00:17

    Det var ei koselig liste å lese på kvelden!
    Gratulerer med mageboer, bestått eksamen, ny oppusset stue og mye anna!!!

  16. 16 Hedda 24/02/2011 ved 00:04

    Og EG gler meg til å ete middag hos deg i morgon! 🙂 (og vil sjølvsagt gjerne vinne posane;)

  17. 17 Heidi 24/02/2011 ved 17:12

    Ja, den lista di er jammen fantastisk! Dette blogginnlegget har eg gått glipp av, -berre fordi eg var litt lat og ikkje gadd å gjere noko nett no, anna enn å surfe litt i bloggar, oppdaga eg det, og det var skikkeleg koseleg! Gratulerer med alt sammen! -Vi skulle jo ha treffast ein dag!

  18. 18 Trine 05/04/2011 ved 21:35

    Gratulerer med liten skatt i magen, Kristine! (Eg er her inne og snik innimellom, og no måtte eg jo legge spor etter meg:)) Klem fra Trine


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: