Rosa og lilla under juletreet

Til tross for at eg ikkje er så glad i rosa (eller lilla) fekk eg veldig lyst til å strikke noko rosa til lille E. til jul. Kombinert med lilla detaljar og ein stripete body (kjøpt) blei det heldigvis ikkje sånn sukkerspinn-sukkersøtt. Eg innser at hua neppe vil passe før vesten og labbane er blitt for små, men, men…Det er ikkje alltid eg får ting til å bli akkurat den størrelsen oppskrifta seier at det skal bli! Alle mønster er frå nøstebarnboka, garnet er babyull (hugsar ikkje merket).

Dei ulike knappane gir eit morsomt uttrykk. Snora i hua er strikka som ein såkalla i-cord. Mykje enklare enn ein kanskje skulle tru, og finare enn tvinna snor.

Advertisements

4 Responses to “Rosa og lilla under juletreet”


  1. 1 Synnøve 26/12/2010 ved 14:04

    Lekkert sett! Jeg er enig i at det ikke ble så fryktelig rosa-rosa, men det ble ordentlig fint og rolig 🙂

  2. 2 Lillian 26/12/2010 ved 16:52

    Tusen takk for nydeleg gåve, igjen!!
    Vi gler oss til å ta det i bruk!!:)

  3. 3 Åse Marit 27/12/2010 ved 01:22

    For ei nydeleg gåve! Er ikkje kjempefan av rosa sjølv, men dette vart kjempefint og såg varmt og deilig ut for ein baby. Herlig med forskjellige knappar på vesten!!

    Fortsatt god jul!

  4. 4 Erna Eikås Engen 27/12/2010 ved 18:10

    Så flott gåve! Dei er heldige som får julegåve av deg, ser eg! No har eg levert stoffet bort til Randi så du kan hente det der 🙂 Kos deg i romjula! Eg fekk ei flott hobbybok til jul så eg har ikkje fritidsproblem i denne ferien heller.. 😉 Erna.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,648 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: