Stinkande mandag

I dag har eg hatt ein tragikomisk tur heimanifrå til Bergen. Eg veit det ikkje er på sin plass å fortelle om det på ein hobbyblogg, men eg kjenner at eg må ha dette ut av systemet.

 

Det starta med at eg sette meg godt til rette på bussen i ettermiddag, plugga i mp3-spelaren og lente meg tilbake i håp om å kunne småslumre meg gjennom den 3,5 timar lange turen, trøtt som eg var. Men etter temmeleg kort tid kjende eg ei umiskjenneleg lukt av stram svette komme sivande. Ikkje alltid godt å vite kven som er syndaren når ein sit på ein buss full av folk, men eg mistenkte den unge herremannen med bustete hår og hettejakke i setet foran. Og eg var LITE lysten på å puste gjennom munnen i 3,5 timar for å unngå å kjenne på den ekle lukta. Når han foran i tillegg sette på leselyset og skapte flombelysning medan eg hadde lyst til å nyte mørket i bussen, fann eg ut at eg ville bytte plass ved neste stopp. Og som sagt så gjort. Fann eit ledig sete 3 radar lenger framme. For så å oppdage at eg hadde urettvist mistenkt feil mann… Stinkbomba sat nemleg opprinneleg to radar foran meg, men no sat han plutseleg i setet bak meg! Og lukta vart ikkje mindre intens. Mannen hadde attpåtil ein ekkel hoste, og kvar gong det kom ei hostekule fekk eg kjenne på andre ubehagelege kroppslukter i tillegg…Men no følte eg at det blei litt flaut å bytte sete igjen, og prøvde så godt eg kunne å få tankane over på noko anna. Heilt til vi kom til ferja, då utnytta eg situasjonen medan folk var ute av bussen og fann meg eit sete langt bak i bussen. Pusta letta ut då eg kjende at den einaste lukta eg kunne kjenne der var lukta av nyskrelt mandarin, og tenkte at NO skulle eg sikkert kunne ta meg ein blund. Var jo trøytt og hadde deilig musikk i øyrene. Då var det berre å legge bak setet og slappe av. Men, nei…setet lot seg ikkje legge bak. Det lot seg faktisk ikkje rikke overhodet, og ryggen stod rett som eit spett. Jadda! Trivelig å ta buss gitt! Men for all del, vil heller ha eit rett sete enn å inhalere dårlege kroppslukter i fleire timar…

Men som om dette ikkje var nok: Vel framme i Bergen fann eg fram til bussen som skulle ta meg opp til hybelen, betalte og leita meg bakover i bussen til eit ledig dobbeltsete til meg og bagasjen min. Etter å ha sett meg ned innsåg eg kvifor setet eg fann var det einaste ledige dobbeltsetet i heile bussen, for vinduet og veggen var marinerte med inntørka oppkast. Det er vel som seg hør og bør på ein mandag! Til alt hell gjekk jentene i setet foran av på neste stopp så eg kunne flytte på meg fortare enn kvikt. (Og for historia si skyld så kan eg legge til at denne bussen lukta ei blanding av indisk mat og alkoholisert, gamal mann…)

Du kan tru det var godt å komme fram til hybelen på internatet der det berre er gamle, kjente lukter av grandiosa, nudlar, sjokoladekake og dårleg reingjering!

Advertisements

3 Responses to “Stinkande mandag”


  1. 1 Roger 22/11/2010 ved 22:55

    Det er berre en ting å sei, offentlig transport er forferdelig!
    Takk for lånet av mannen din i helga forresten, han blei avlevert til offentlig transport i dag tidlig uten ytre skader 🙂

  2. 2 Hedda 22/11/2010 ved 23:39

    Kult! Eg skal ta bussen til Bergen i morgon. Skal på personalmøte, og gir deg ein lyd dersom eg får for mykje ledig tid (men tvilar…).

  3. 3 Kristine 23/11/2010 ved 08:42

    Roger; berre kjekt å låne vekk mannen litt! Eg høyrer han blei tatt godt vare på 😉
    Hedda; eg reiser tilbake i morgon etter skulen. Gler meg til bussturen…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,971 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: