Pippikupp

Eg klarte ikkje å gå forbi denne tøffe pippikofferten på bruktbutikken. Den lyste i mot meg med sine herlege fargar og relativt gode kvalitet, til tross for at den nok har nådd ein viss alder. Men den passar jo i grunnen best inn på eit barnerom, så eg bestemte meg for å gje den vekk til ei lita frøken som nyleg fylte 1 år. Eg kjenner ikkje smaken hennar så godt enno, men slik eg kjenner foreldrene så skulle både den knallraude fargen og gjenbruken vere to positive faktorar. Så får vi sjå om mottakaren sjølv vil sette pris på gåva etter kvart.

Advertisements

1 Response to “Pippikupp”


  1. 1 Hedda 12/11/2010 ved 21:09

    Mottakaren likte den kjempegodt! Ho hadde den faktisk med seg på osloferie som leikekoffert allereie dagen etter at ho fekk den. Og den står i stova, for den er jo for fin til å setjast vekk!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: