Lucky me!

I sommar fekk eg spørsmål frå svigermor om eg hadde lyst på ein slik gensar. Ho hadde allereie laga to av samme mønsteret til svigerinnene mine, riktignok i ulike fargar. Eg seier sjølvsagt ikkje nei når nokon har lyst å strikke til meg, så vi gjekk på garnbutikken i lag og plukka ut fargar. Nokre veker seinare var gensaren ferdig! Eg syns den blei superfin og kunne ikkje vore meir fornøgd. Fint mønster, fine fargekombinasjonar og super passform. Som ein bonus fekk eg med matchande sokkar av restegarnet. Heldige meg! Takk svigermor, du er ein knupp!

Og om nokon skulle få lyst å strikke ein slik gensar så finn de oppskrifta på garnstudio.no.

Advertisements

5 Responses to “Lucky me!”


  1. 1 martelong 09/10/2010 ved 19:07

    såfinfinfinfin. alt kler jo sen smukke, men den her var jo rett og slett heilt fantastisk fin! eg vil også ha…:)

  2. 2 Heidi 09/10/2010 ved 19:17

    Jepp du er heldig.
    Knall fin genser.

  3. 3 Synnøve 12/10/2010 ved 20:26

    Den var helt super! Kjempefin, både i farger og passform 🙂

  4. 4 Iselin 14/02/2011 ved 08:15

    Nydelig genser! Slik har jeg lyst til å lage en gang i framtida. Vet du om dette er samme genser: http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=108&d_id=10&lang=no ?
    Jeg klarte ikke finne noen som var helt like på garnstudio, men denne var det nærmeste jeg fant.

    • 5 Kristine 14/02/2011 ved 08:53

      Modellen har nummer 116-43. Søk på det, så finn du den. Men svigermor har modifisert litt trur eg, så den har ikkje akkurat samme passform som på bildet.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: