Meir supersyntetisk retrostoff

For ikkje lenge sidan skreiv eg eit innlegg om korleis ein kan bruke supersyntetisk retrostoff som dekor på barnekle. Eg følger opp temaet med ein del to; lag bruksting! Som for eksempel ein praktisk pengepung slik eg har gjort det her.

Det turkise stoffet er nokså tjukt, og det mamma kallar crimplene. Antar at det er 100 % polyester? Eg fekk stoffet i kassen-med-det-rare-i, og syntest det var for bra til å bli kasta. Baksidestoffet er frå ein kjole som ei grandtante visstnok har hatt. Fôrstoffet er frå bruktbutikk, og om du kikkar nærmare nedi pungen ser du at der er hjertesøm på dei to små lommene. Detaljar er viktig! Dekoren på framsida er sjølvsagt laga av restelappar, og glidelåsen, ja den har eg vel kjøpt på Fretex tenker eg.

3 Svar to “Meir supersyntetisk retrostoff”


  1. 1 Åse Marit 30/09/2010 ved 17:10

    Lurt lurt! Ekstra kjekt å lage noko liksom ut av ingenting:)

    Prøvde meg på lappesmekkeidèen din. Veldig kjekke å sy og fekk brukt restelappar frå lappeteppe, men sleit litt med skråbandet rundt. Har du eit lurt triks for å treffe nøyaktig på baksida av skråbandet?

    Håper du koser deg med studenttilværelsen!

  2. 2 marte 01/10/2010 ved 22:21

    den var fin krisskross!

  3. 3 Åse Marit 04/10/2010 ved 23:31

    Takk for at du tok deg tid til å svare på syproblemet mitt! Feiga ut og tok ein borrelåsvariant i kveld, men skal prøve det du foreslo, hørtes fornuftig ut.

    Ha ei god studieveke i regnbyen!


Legg att svar til Åse Marit Avbryt svar




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 155 245 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other subscribers