Med hjertet i halsen og fisk i håret

Overskrifta gir kanskje forventning om at eg har noko spektakulært å fortelle, men sånn er det altså ikkje. Eg hadde berre lyst til å vise fram den nye tekoppen min som vart kjøpt på Nordlandsturen vår i sommar. Den kom eg over i ei lita grend som heiter Vikten, der dei hadde både glasblåseri og keramikkverkstad. Eg likar godt både forma, fargane og dekoren. Sidan både hjerter og fisk er dekorasjonselement eg likar godt, var det naturleg at denne koppen skulle få bli med meg heim. Og no har eg den på hybelen min i Bergen, der den skal få vere trufast følgesvenn gjennom sure haust- og vinterkveldar. Gjerne fylt med den nye favoritteen » Green Tea Intense Mint» frå Lipton. Anbefalast.

Advertisements

2 Responses to “Med hjertet i halsen og fisk i håret”


  1. 1 Synnøve 21/08/2010 ved 18:25

    Den teen er min favoritt, definitivt! 🙂

  2. 2 Heidi 21/08/2010 ved 18:43

    Kul kopp! Passar deg utmerket! Takk for te-tipset, den skal handlast ved første anledning. Lykke til med studentlivet!!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,069 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: