Valnøttboks + tapet = finfin boks!

Eg et ein del valnøtter. Både fordi det er sunt og fordi det er godt. På butikken der eg brukar å handle har dei ein type valnøtter, og dei kjem i ein liten hermetikkliknande pappboks. Denne boksen synest er litt for solid til å hive rett i bosset etter at nøttene er oppetne, så då eg hadde samla opp tre boksar fann eg ut at eg skulle prøve å gjere noko lurt ut av desse. Prøvde først å kle ein av dei med eit stilig gavepapir, med uheldig utfall. Papiret var såpass tynt at det krølla seg av den våte limen. Så då rota eg litt i ei skuff og fann fram tapetrullane mine. Eg likar nemleg å kjøpe tapetrullar når eg kjem over dei på bruktbutikkar. Vel å merke om dei er dekorative. Dei blir mellom anna brukte til gaveinnpakking. Og til valnøttboksprosjektet var tapetane midt i blinken! Dette tapetet er har eit naivt barne- og dyremotiv som eg diggar. Endeleg får det komme fram i dagen!

Så frå å vere ein kjedeleg pappboks på veg i søpla, vart denne boksen forvandla til ein finfin boks som kan brukast til så mangt. Akkurat no er den fylt med ei blanding av nøtter og frø som eg strør på kornblandinga mi om morningen.

Det var dagens gjenbrukstips! Det er berre å herme. Eller gje meg valnøttboksane dine om du har nokre du har tenkt å hive i bosset…

Advertisements

5 Responses to “Valnøttboks + tapet = finfin boks!”


  1. 1 Hedda 19/08/2010 ved 21:05

    Godt mulig eg hermar! Eg har nemleg nokre tapetrestar etter veggen i stova. Desse hadde eg tenkt å bruke til eitt eller anna oppbevaringsaktig. Valnøttboksar hadde eg ikkje tenkt på! (Berre så synd eg ikkje brukar nøtter i brøda for tida, sidan Synne også skal ete dei…)

  2. 2 Sesselja 19/08/2010 ved 22:16

    Morsom idé! Vi har dilla på valnøtter og kasgter stadig disse boksene i søpla, men nå kan de kanskje få nytt liv. Må bare finne noen fine tapetrester først …

  3. 3 Hanne 19/08/2010 ved 22:39

    La litt av din kreativitet kome over til mej!!! Den vart nå kjempefin! Ka lim du brukte?

    • 4 Kristine 20/08/2010 ved 21:50

      *tryllevips!* no har eg sendt litt av min kreativitet til deg, Hanne!
      Eg brukte litt tapetlim som eg hadde ståande, men det går heilt sikkert fint med anna flytande lim (trelim, hobbylim, rx-lim, karlsons osv). Lykke til!

  4. 5 Synnøve 20/08/2010 ved 16:42

    GENIALT! Jeg tenker akkurat det samme som deg når jeg har tømt en valnøttboks, og ENDELIG kan jeg gjøre noe lurt med dem! Lykke 🙂 …Nå må jeg bare på tapetjakt, for sånt har ikke jeg liggende!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: