Mjuuuuuuk merino

Eg nevnte at det nye tantebarnet fekk strikkatøy, og her kan du sjå korleis det ser ut.

Nok ein gong viser eg fram nyvaska, krøllete strikkeplagg…

Garnet er alwetta extra fine merino frå 123knit, og er det deiligaste garnet eg kjenner til. Tynt, mjukt og fint. Og maskinvaskbart.

Eg har lite erfaring med å strikke babyjakker (særleg dei som ikkje har raglanermar), så denne er eg superfornøgd med. Syns rett og slett den blei veldig fin, og håpar den kjem til å vere fin på når den nye eigaren veks inn i den.

Jakka og buksa er strikka etter oppskrifter frå boka Myk Start, av M. Langhelle. Ganske lettfattelege oppskrifter og greit å få til om ein har strikka litt før. Hua er Nøstebarn si «lettstrikka babylue», og sokkane er sjølvkomponerte etter inspirasjon frå ein kollega som strikkar spiralsokkar utan hæl. Dei blei litt små i forhold til resten, men kanskje eg rekk å lage eit større par i løpet av hausten til han veks i jakka og buksa?

Advertisements

4 Responses to “Mjuuuuuuk merino”


  1. 1 Synnøve 16/08/2010 ved 20:44

    Så fint sett du har strikket! Jeg har også strikket både buksa, jakka og lua bare med helt andre farger 🙂

  2. 2 Oddbjørg 17/08/2010 ved 17:33

    Så fint!
    Eg har og strikka den jakka, veldig grei.
    Viss eg skal strikka den på ny, komme eg til å strikka armane på fire pinnar. Resten av jakka i heile stykker osv. Ka gjorde du?

  3. 4 duBedåre 09/09/2010 ved 15:06

    Dette settet blei utrolig nydelig! fine sarte farger, og fint med noe ensfarga og noe stripete. Vakkert! (o:


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,336 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: