Jada, eg strikkar også

Det har vore få strikkerelaterte innlegg på bloggen siste året, men det betyr ikkje at eg ikkje strikkar. Det er rett og slett fordi eg er mykje treigare med å få tatt bilde av dei tinga som blir laga på pinnane enn det som symaskina hjelper meg med. Det skal jo helst vaskast og dampast først, og så vips har eg gløymt at eg skulle dokumentere det eg har laga.

Men her er altså noko eg har strikka for ei tid tilbake, og som no kom fram i lyset igjen då det kom ei lita sørlandsjente til verda for kort tid sidan. Velkommen, Emmeline! Jakka er ei omslagsjakke etter Nøstebarn sitt mønster, med Mosters babystrømpar frå samme bok. Garnet er New Zealand lammeull frå 123.knit. Deilig, lett og luftig ull, som dei stakkars mottakarane må handvaske…

Advertisements

4 Responses to “Jada, eg strikkar også”


  1. 1 Hedda 06/08/2010 ved 18:46

    Veldig fint! Eg har lenge tenkt på å strikke ei sånn omslagsjakke, men det har visst blitt med tanken. Og forresten er det berre løgn at det må handvaskast. Eg køyrer ALT eg strikkar i vaskemaskina. Det går fint, berre ein er forsiktig 🙂

  2. 2 Marit 06/08/2010 ved 18:56

    Så søtt! Fine farger og fin form. God helg! Marit

  3. 3 Oddbjørg 07/08/2010 ved 14:30

    Så fint!
    Eg blei tante til ei jente i natt, så no skal eg finna ei fin oppskrift, kjøpa inn trå og vips, masse tidsfordriv utover hausten

  4. 4 Åse Marit 07/08/2010 ved 20:50

    Så kjempefint det var! Nydelige fargar ilag og såg kjempemjukt og deilig ut. Heldig lita snuppe som får slik ei lekker og forseggjort gåve!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: