Smekker i alle regnbogens fargar

Eg har innsett at smekker er populære gåver, for det er definitivt den tingen eg lagar mest av og som er mest etterspurt når folk vil bestille noko av meg. Eg synest jo alltid det er kjekt når andre set pris på det eg produserer, så eg seier sjeldan nei til eit smekkeoppdrag! Her er litt av det eg lagde før sommaren, og som resulterte i ny bestilling som eg må få vise seinare sidan bileta ikkje er havna på harddisken enno.

Eg forsøker fortsatt å bruke mykje gjenbruksmaterialer, og til smekker er det lite problematisk sidan dei ikkje er så store. Veldig mange av smekkene eg har laga i sommar har difor fått KLEM RePro-merkelapp.

Advertisements

3 Responses to “Smekker i alle regnbogens fargar”


  1. 1 Oddbjørg 30/07/2010 ved 11:06

    Så fine, der gav du meg ein god ide.
    Ha ein forsatt fin dag!

  2. 2 Marie 30/07/2010 ved 17:18

    Knall kule! Sånne fekk eg og lyst å lage
    Kva har du skrive med? tekstilpenn?
    Marie

    • 3 Kristine 30/07/2010 ved 20:21

      Takk! Ja, eg brukar tekstiltusjar av ulike slag. Har ikkje funne ut kva merke som er best enno, men det må tole maskinvask. Lykke til!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,971 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: