Ein smak av Lofoten

Ingen tvil om at Nordland har mykje fin natur!

Og mange fine fiskevær.

Museum og galleri på kvart eit nes er heller ikkje å forakte.

Her kom vi tilfeldigvis over ein artig garasjeloppis! Legg merke til skiltet «Tut i fløyta så kommer jeg!»

Kombinasjonen fineversskyer, sjø, svaberg, sand og grønt gras er nokså fin synest eg!

Kråkebollane dukka opp på dei merkelegaste plassane. Som naturen sin eigen dekorasjon på eit vis.

Vi låg to netter i Rorbu, og hadde finfin sjøutsikt både inne…

…og ute.

Ryktene om at det bit på kvart eit kast der nord var heilt klart ikkje berre rykter…

…og fisk bakt på bål er skikkelig bra greier!

Nyfrelste kajakkpadlarar fekk ønsket om Lofotpadling oppfylt!

Solbrillene fekk vi også bruk for.

Midnattssola kom som på bestilling den siste kvelden.

Jammen er vi heldige som bur i eit så fantastisk fint land! Norgesferie er heilt klart undervurdert.

Advertisements

8 Responses to “Ein smak av Lofoten”


  1. 1 Synnøve 21/07/2010 ved 06:24

    For en herlig ferie! Nydelige bilder av en nyydelig landsdel! 🙂

  2. 2 Ragnhild Norheim Førland 21/07/2010 ved 11:39

    Hei,

    Fekk tips om bloggen din gjennom ein kollega av deg; Siv Øvrebø. Herleg blogg, og for nokre fine bilete frå mitt barndomsparadis; Lofoten! 🙂

    Skjøna ikkje heilt om det var mogleg å følgje bloggen din på eit vis, men det er det den abonnement-funksjonen din gjerne er til for..?

    Ragnhild

    • 3 Kristine 22/07/2010 ved 11:18

      Hei Ragnhild! Så kjekt at du fann vegen hit. Du kan jo sjølvsagt følge bloggen min via ein lesar av typen google reader el liknande, men om du vil ha epost når eg oppdaterar kan du bruke funksjonen i margen:)

  3. 4 Sissel 22/07/2010 ved 11:15

    Flotte bilete! Skal ikkje sjå vekk frå at Tore og eg hermar etter dokke ein gong 😉
    Håpar dokke får ein strålande ferie vidare! Klem

  4. 5 Hanne 23/07/2010 ved 23:09

    For nokre flotte bilde! Ser ut som dokke he hatt ein fin tur ja! Klem!

  5. 6 LiSa 24/07/2010 ved 20:34

    Hei:)
    for noen fine bilder du har tatt;)
    har selv nettopp vørt i Lofoten for første gang, å det er virkelig verdt det:)
    ønsker deg en fortsatt fin sommer:)

  6. 7 Heidi 25/07/2010 ved 18:17

    Fekk ikkje mindre lyst på Lofottur no, nei! Er i Munchen på veg heim frå Alpane og bryllaupsfeiring, fint det og. Men eg trur Norskekysten må vere det flottaste ein kan oppdrive! ….og du er jo dritflink til å fotografere!

  7. 8 Arild 31/07/2010 ved 22:21

    Knall! Fine bilete, fekk lyst å reise til Lofoten no 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: