Lappemamma

Vi har fått eit nytt teppe i hus! Mamma lagde tepper til brødrene mine til jul, og hadde dårleg samvit for at eg ikkje fekk eit i samme slengen. Eg forsøkte å seie til mamma at ho ikkje hadde noko å uroe seg over, vi har eit digert mamma-lappeteppe liggande over senga vår store delar av året og eg veit kva arbeid som ligg bak noko slikt. Dette er ikkje noko ein berre svingar ihop i løpet av ein kveld (i motsetning til mine prosjekt…).  Men enden på visa vart at mamma ville sy teppe til oss på nyåret, og eg skulle vere med å velje fargar og design. Og her er resultatet!

Eg er godt fornøgd, og teppet har blitt flittig brukt i sofakroken dei siste vekene når sommarvarmen har uteblitt. Quiltinga av teppet er gjort av ei dame med quiltemaskin, som valde doble hjerter til teppet vårt. Så over heile teppet er det massemasse hjerter. Ganske så koselig for ei hjertedame som meg. På biletet under kan du sjå kor godt fargane passa inn i sofakroken vår.

Takk mamma! Sjølv om du ikkje hadde behøvd å lage noko til oss, så var det veldig kjekt å få eit så fint teppe! Eg trur teppet skal få bli med meg til Bergen når eg skal bli student igjen til hausten…

No er det ferietid, og dagen har gått med til klesvask og pakking. I heile 3 veker skal vi feriere i Noreg i år, så la oss krysse fingrane for at sola vil skinne litt over både Vestlandet og Lofoten, og resten av landet! God sommar alle sammen!

Advertisements

2 Responses to “Lappemamma”


  1. 1 Oddbjørg 24/06/2010 ved 21:07

    Da var eit fint teppe. Eg fekk akuratt ei pute av mi mamma, som hu har sydd på kurs. Det er spesielt kjekt å få ting som noken har laga med tanke på akuratt deg. Den passa perfekt inn i min sofakrok.

    Ha ein ferie!

  2. 2 Åse Marit 29/06/2010 ved 16:05

    Så fint teppe! Flink mamma altså. Og ingen tvil om at det der ikkje var gjort i ein fei!

    Blei litt nyskjerrig på kva du skal i Bergen til hausten…:-) Kanskje vi sjåast viavia venninnene våre! Hadde vore artig!

    God sommerferie til deg!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: