Årets 17.maiantrekk

 

 Det går litt treigt med blogginga om dagen. Fint ver og sol går foran hobbyaktivitet og blogging. Men her får du ein kikk på kjolen eg gjekk med på 17.mai i år! Droppa bunaden sidan eg skulle på jobb og feiringa blei i kortaste laget. Kjolen er så og seie improvisert når det kjem til mønsteret. Eg har klipt og sydd og prøvd og klipt og sydd igjen. Etter litt fram og tilbake passa den heldigvis. Inspirasjonen har eg henta hos fru jansen (bloggen hennar er absolutt verd eit besøk!), så eg skal ikkje ha æra for designet.

Kjolen er sydd i svart stretchvelur og prikkete bomullspoplin frå s&s. Det blågrøne stoffet, samt banda er frå panduro. Eg trur dette er ein kjole som kjem til å bli brukt både til kvardags og fest, for den sit fint og er god å ha på.

Advertisements

4 Responses to “Årets 17.maiantrekk”


  1. 1 Oddbjørg 15/06/2010 ved 19:42

    Så fin! veldig imponert over at du du greie å klippa den til, slik at den passe perfekt. Og, kjekt med kjolar som kan brukas i ulike anledningar.

    Ha ein forsatt fin tirsdag!
    Tiltross for sol ute, har eg vore på ommaravslutning på strikkeklubben i dag 🙂

  2. 2 Ann Tove 15/06/2010 ved 21:15

    Kjempefin kjole du har sydd.
    Denne kunne du trygt bruke 17 mai, i staden for bunad.
    Den var berre lekker 🙂

  3. 3 Hanne 16/06/2010 ved 17:10

    Den va flott, til ei flott dame!!!

  4. 4 Solveig 17/06/2010 ved 18:20

    Du e» berre so flinke!!!:o)) Alt du får til! Jeg er slett ikke god på å sy klær, så jeg er skikkelig imponert! Nydelig blei den. Helt etter mitt hjerte:o)
    Nå er det faktisk ferie for meg:o))) Litt tidlig, men når en er innstilt på det, er det merkelig hvor naturlig det faller seg likevel:o)
    Ønsker det fine junidager, min venn. Håper du får utfoldet deg med både hobby og fritidsaktiviteter:o))
    Klem fra Solveig


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: