Kort av ølbrikker!

Dette er ein ide mamma gav meg. Ho hadde nemleg fått i hende eit par store bunkar med ubrukte ølbrikker som ho syntest var for gode til å kaste. Pappen var jo så solid og god! Men dekoren gjorde dei lite brukbare sånn som dei var, så det måtte kreative tiltak til. Litt papirrestar, band, ferdige stempeltrykk, knappar og lim – og vips hadde eg ein god bunke små kort! Små kort er anvendelege til så mykje, for det er ikkje alltid eg har så mykje på hjertet når eg treng eit kort.

Og treng eg seie at dette er ein finfin måte å bruke opp små papirrestar på? Sånt kan vi like!

Advertisements

5 Responses to “Kort av ølbrikker!”


  1. 1 Hedda 06/06/2010 ved 21:06

    Kreativt! Men det alle lurer på no, er vel: korleis i all verda får ein kartongar med ubrukte ølbrikker i hende?

  2. 3 Hanne 07/06/2010 ved 20:58

    Dei va kjempesøte, Kristine!!!

  3. 4 Sissel 08/06/2010 ved 21:31

    Eg har to ølbrikker liggjande, så no vart eg inspirert til å gjere som deg! (Sjølv om det ikkje vert like fint då..) Eg vert heilt mållaus over kor flink du er med alt Kristine! Lenge sidan eg har vore inne på bloggen din no, og då vart det nesten for mykje av det gode med fine ting og idear vidare! 😉
    Gledar meg veldig til å forhåpentlegvis sjå deg meir til hausten!

  4. 5 Oddbjørg 10/06/2010 ved 17:25

    Dei var kjempefine! og tunikaen blei og veldig fin.
    Blei inspirert så no skal eg vara på utkikk etter ubrukte ølbrikkar 🙂 Har laga noken kort som ligge på bloggen min no, viss du vil ta ein kikk.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,204 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: