Krølltopp

Denne fine frøkna var på besøk hos meg tidlegare i veka. Ho kan å sjarmere! Men ho likar ikkje å bli tatt bilete av, og gjorde det ho kunne for å vri seg unna. Då kveldsmaten kom på bordet nytta eg sjansen til å knipse litt, for då hadde ho ingen retrettmulighet! 🙂 Her er ho iført ei av mine smekker, som eg brukar å tilby små gjestar når dei skal ete. Makrell i tomat er ikkje noko kjekt å få på fine, nye sommarkjolar!

Smekka har holdt seg godt, til tross for mange vask på både 40 og 60 grader. Fugletrykket har falma noko, men det må ein jo kunne forvente. Størrelsen er eg også fornøgd med, for den passar til både små og litt større barn. Jenta her er akkurat i grenseland, for ho nærmar seg to år, og då begynner smekka å bli litt trang i halsen. Kanskje difor ho prøvar å ta den av?

Advertisements

2 Responses to “Krølltopp”


  1. 1 Åse Marit 04/06/2010 ved 20:06

    Så skjønn ho er!! Og eg kan skrive under på at smikkene fungerer supert:-) Kjempekule og veldig praktiske. Takk igjen!

    Ha ei god helg!

  2. 2 Monica 11/06/2010 ved 00:50

    🙂 Fine bilder av prinsessa mi:)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,069 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: