Varme føtter

For mange år sidan gav eg eit par tova strikkatøflar til ein onkel i julegåve. Og tøflane blei godt mottekne, og har ført til at eg har fått bestiling på nye par. Fleire gongar. Tøflane er gode på foten og varmar godt, vi har mange par også her i huset, men dei er ikkje uslitelege. Så no har eg lova onkelen «livstidsabonnement» på tøflar! Årets par fekk han i bursdagsgåve ganske nyleg, til tross for at det ikkje akkurat er høgsesong for tøflar i mai. I tillegg lagde eg eit par lommetøflar i matchande farge, som kjæresten hans fekk. Strikka dei med tjukt garn og tjukke pinnar, og tova dei lett, og så fekk dei ein knapp på «stroppa» etter at bileta vart tekne. Ein feminin touch.

Fargen på garnet er litt i overkant knæsj kanskje, men det er garn som har blitt liggande etter mi kjære bestemor, og då altså mor til onkelen. Så det fall seg liksom naturleg å bruke det til dette formålet.

4 Svar to “Varme føtter”


  1. 1 ann helen 29/05/2010 ved 00:41

    Synes fargen på tøflene var kjempefin jeg. Blir nok gode og varme på føttene de som er så heldige å få bruke de.

    Ønsker deg en flott helg.

  2. 2 Åse Marit 31/05/2010 ved 17:50

    Hei igjen!

    Kjekt å ta ein bloggrunde igjen også:-) Du har produsert i massevis her inne ser eg, veldig bra! Fantastisk bilete av den lille babyen med pingvin- hua:-)..og heldig liten kar som får matchande bukse og hue.

    Tøflene såg herlege ut! Har fleire sånne og er heilt avhengig av dei på haust og vinter..og vår også forsåvidt, i alle fall i år!

    Ha ei god veke i fineveret!

  3. 3 Solveig 31/05/2010 ved 19:16

    For noen deilige tøfler,min venn! Veldig kjekt å få selv om det ikke er sesonen akkurat nå – hvem vet om det er det i morgen med disse tempsvingningene vi har hatt i vinter/vår!!
    Du er så flink å få ferdig ting! Det er så kjekt å ha så kreative mennesker rundt seg – du inspirerer:o))))
    Nå skal jeg bake ferdig bollene til bursdagsfesten og så står hage for tur. Synes jeg såg noen nikkedukker som hadde lyst på litt drikke utenfor her:o)
    Flott kveld til deg.
    Klem fra Solveig

  4. 4 Veronica 31/05/2010 ved 19:40

    Så masse flott du lager!! Takk for at du deltar på give away hos meg:)


Kommenter innlegget




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 155 245 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other subscribers