Bursdagspresang til 2åring

Ein liten venn av meg fylte to år forrige månad. Når ein er i den alderen er det jo litt kjekt å få gåver, og eg tenkte at han skulle sleppe å få kle denne gangen sidan det ofte er meir til glede for foreldrene enn guten. Men traust som eg er måtte det jo bli ei heimelaga gåve denne gongen også, og eg sveiva ihop eit pennalhus og kjøpte fargeblyantar og maleblokk.

Pennalet er laga etter samme prinsipp som strikkepinneetuia eg har laga ein haug av tidlegare. Enkelt og praktisk. Sidan mammaen hadde ønska seg noko på vegne av guten fekk han ein «kjedeleg» mjuk ting også; ei romsleg barnehageveske med plass til klesskift og andre saker som skal til og frå barnehagen.

Advertisements

3 Responses to “Bursdagspresang til 2åring”


  1. 1 Vibeke 28/04/2010 ved 15:13

    Så lurt! Og vedig fint i tillegg:) Det må jo bli en hit!

  2. 2 Oddbjørg 28/04/2010 ved 17:37

    Så fint, seie det igjenn, du er veldig flink.
    Eit sånn penal skulle eg og greid å sy, kansje det blir neste prosjekt.

  3. 3 Anne Sofie 29/04/2010 ved 21:42

    Den lille guten vart veldig glad! Fargeblyantane er flittg i bruk, men eg frykta at dei ikkje varer så lenge, for blyantkvessaren som fulgte med er vel så populær:) Gåvene frå deg er fantastiske!! Håpar du aldri blir lei:)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: