Veggpryd på ny måte

Eg har så mange artige bilete av min kjære nevø, og ein dag hadde eg lyst til å bruke dei til noko. Tidlegare har eg scrappa ein del bilete av han og gitt bort, og det var vel eigentleg tanken bak då eg lagde denne fotokollasjen også. Eg printa ut ei A4 side med 3×4 små portrett i kronologisk alder frå 0-2 år. Men det blei for stort for ei vanleg scrapbookside (det blei for lite plass til stæsj!), så då måtte eg finne på noko nytt. Og tilfeldigvis hadde eg ei litt stor papplate liggande som berre venta på eit eigna hobbyformål. Etter litt kjapp klipping og liming hadde eg plutseleg laga noko eg kunne henge opp i «rekved-bilde-opphenget» som har blitt liggande i eit skap fordi eg ikkje har funne noko passande å henge i det. Så no prydar nevøen veggen ved sidan av badet, og om litt tenker eg at mammaen skal få finne ein plass i heimen deira, for ho blir alltid glad for «nye» bilete av den vesle rakkaren.

Advertisements

4 Responses to “Veggpryd på ny måte”


  1. 1 Oddbjørg 24/04/2010 ved 16:01

    Så fint! Du er kjempeflink!
    Ha ei forsatt fin helg
    Oddbjørg

  2. 2 mailinnw 24/04/2010 ved 20:51

    Åj! Laga du alle tinga sjøl? Ej syns det e kjempekjekt å lage ting sjøl, men ekje so flink til det. Laga mest kort og sånn. Skal utvide horisonten min litt når ej fe litt meir tid, til hausten. He du noken tips til ka en kan bjynde med som nybjyndar?

    http://mailinnw.wordpress.com

  3. 3 Solveig 27/04/2010 ved 20:10

    Oj, så stilig!!! Dette var kreativt og tøft! Du er så flink til å finne din egen måte å løse ting på – dyktig designer er du:o))
    Alltid like spennende å se hva det neste blir:o)
    Håper du har hatt fine fridager. Jeg sitter nå og lurer på om jeg orker å reise meg igjen i kveld. Har stått på loftet i flere timer og kastet på rot!!! Jammen et under at vi ikke får hele taket i hodet! Skulle har fortsatt nå som jeg er så godt i gang – da hadde jeg nok vært trøtt nok til å kaste det som kastes bør:o))))
    Ønsker deg en flott kveld, min venn.
    Klem fra Solveig

  4. 4 Maria Vinden 28/04/2010 ved 07:50

    Hei! Takk for kommentar på bloggen min. Kjempefin veggpryd forresten! Ang. baderomsplatene våre: De er av en tresort, en type solide treplater jeg ikke har vært borti før. De var malt flere ganger da vi flyttet inn, så jeg kan ikke forklare noe bedre dessverre… Men det er ihvertfall ikke plastplater! 😉

    Ha en fin uke!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: