Stilkræsj, men bryr ein baby seg om det?

Kva gjer ein med eit stykke gamalt, originalt, retromønstra jerseystoff? Eg valde å kombinere det med litt nøytral jersey og ribb, og lagde ei bittelita joggebukse til ei nyfødt frøken. Ho er garantert den einaste kid’en i nabolaget med ei slik bukse iallefall!

Kortet som følgde med velkomstgåva var litt meir i den sukkersøte stilen, og matcha på ingen måte den retroinspirerte buksa. Men, men. Fekk prøve meg på å lage posekort (av brun papirpose) sist vi hadde hobbykveld med jobbgjengen. Veldig kjekt, sjølv om det innebar meir pynting og dilling enn eg normalt sett likar. Men alltid kjekt å prøve noko nytt! Kortet er pynta på framsida, innsida og baksida, pluss at det er eit kort «inni» kortet som må dragast ut.

Advertisements

3 Responses to “Stilkræsj, men bryr ein baby seg om det?”


  1. 1 Lill 19/04/2010 ved 18:12

    Nydelig flott bukse..den var arti:)nå fikk jeg også lyst å lage en slik,,men vet absolutt ikke hvordan man syr på symaskin så da er det vel litt verre:)
    flott kort du har laget også..
    enda har jeg de 34 babykortene jeg skulle lagd..kommer meg liksom ikke i gang
    Ha en flott uke
    klem

  2. 3 iden 21/04/2010 ved 09:19

    Herlig stilkræsj i så fall!! Ble sittende og kikke på barneklær du har sydd – flinkflink!!!:)


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,336 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: