Min eigen KLEM RePro tunika

Eg har endelig brote barrieren. Å sy kle til meg sjølv har vore noko eg har hatt lyst til å prøve, men som eg har vore redd for å mislykkast med. Det er jo litt kjipt å bruke mange hobbytimar og fleire meter bra stoff på noko som kanskje blir ein fiasko. Då er det tryggare å sy noko eg veit eg meistrar, og som blir fort ferdig. Hehe…Men no har eg altså kome over kneika. Har sydd fleire ting til meg sjølv i det siste, og det nyaste tilskotet i kolleksjonen er tunikaen du ser her.

Mønsteret fann eg i eit alt om håndarbeide frå i fjor, som eg har lånt på biblioteket. Eg må ha mønster å gå utifrå, det blir nok lenge til eg improviserer med voksenstorleikar…Stoffet er eit gamalt, tynt stoff eg kom over på gjenbruksbutikken. Trur det er ei blanding av bomull og silke. Eg synest det passa godt til denne typen plagg, for det fell fint på kroppen.

Konklusjonen er at dette var enklare å få til enn eg hadde trudd, og at eg er meir fornøgd med resultatet enn eg kunne forestille meg på førehand. Eg brukte rett nok fleire timar enn eg vanlegvis legg i eit syprosjekt, men så har eg jo fått meg ein  tunika som eg kjenner meg trygg på at eg kjem til å bruke mykje framover. Den er definitivt one of a kind! No har eg vore på stoff og stil og kjøpt nokre nye stoff som skal forvandlast til plagg etter kvart. Eg gler meg!

Advertisements

5 Responses to “Min eigen KLEM RePro tunika”


  1. 1 Ann Tove 11/04/2010 ved 14:12

    Flott tunika du har sydd.
    Stoffet ser herleg ut, mykje flott å finne på gjenbruksbutikken 🙂
    Går fint å sy til seg sjølv,men hvis ein skal ordne på noko, og sette nåler mens den er på, er det ikkje alltid like enkelt.
    Ha ein flott søndag vidare.

  2. 3 Erna 11/04/2010 ved 22:25

    Den vart kjempefin! Er moro å sy kle til seg sjølv, ein må berre kaste seg uti det 🙂 Ville elles berre seie at eg har vore og henta «gevinsten» oppi vegen din i dag og den var så fin!! Endå finare i verkelegheita enn den var på bildet 🙂 Den er allereie tatt i bruk – tusen takk! ;))

  3. 4 Oddbjørg 12/04/2010 ved 17:20

    Den var fin. Har litt av dei samme barieranse som deg, ikkje strikka eller sy til meg sjøl. Men kansje eg og greie å komma over den barieren ein dag. Foreløbig syns eg det er kjekt å strikka til dei små, det går relativt fort, så ein får prøvd litt forskjellig.

    Ha ein forsatt fin mandag!
    Oddbjørg

  4. 5 Sissel 15/04/2010 ved 10:42

    Det vart eit kjempebra resultat! Ikkje nokon grunn til å mislykkast, du som er så god på syinga på alle andre områder! Verre med mitt kjoleprosjekt, ettersom eg ikkje har sydd barnekle heller.. :O Vi får sjå kva som skjer.

    Ha ei fin helg! Og takk for det hyggelege besøket som var! 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,538 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: