Vinnar av bloggfesten

Random Integer Generator

Here are your random numbers:

3

Timestamp: 2010-03-18 22:08:32 UTC

Eg gjorde ei loddtrekning på høgteknologisk vis i går kveld, og bloggfestvinnaren er den som skreiv kommentar nr. 3 av 23, og det var Erna! Gratulerer! Denne gongen skulle gåva vere ei overrasking, fordi eg synest det er kjekt å kunne gje noko som eg trur mottakaren vil bli glad for. Ikkje alle har den samme smaken, og eg har lesarar i ulike aldrar og med ulike interesser. Eg veit ikkje så mykje om vinnaren denne gongen, men eg trur kanskje ein tøypose til strikke-/heklesaker kan vere av interesse? Dette er ein KLEM RePRo-pose, dvs at materialet er frå loft eller gjenbruksbutikk. Til og med knappen er gamal. Og snora i løpegangen er ei ubrukt skolisse.

Og til dei som gidd å lese alt eg skriv, kan eg berette at eg i dag har hatt ein god fridag. Har gjort reint i heimen, kjøpt bursdagsgåver (ja, det hender eg kjøper gåver også;), handla god mat, gjort eit kupp på gjenbruksbutikken (bilete kjem seinare), skaffa meg nye solbriller (optimistisk!) kjøpt tulipanar, bakt brød…og i ettermiddag skal eg på trening og så er det duka for avslappingshelg med hobbyaktivitet og Mannen som hovudfokus. Det kan jo ikkje så feil! God helg til deg også!

Advertisements

3 Responses to “Vinnar av bloggfesten”


  1. 1 Heidi 19/03/2010 ved 20:49

    Jaja, eg kan vel ikkje vinne kvar gong…. Det høyrest ut som du har hatt ein skikkeleg bra dag, og fått utretta ymse. Eg har gått i halvsvime etter nattevakt og vore shoppingkonsulent med mor mi. Hehe, veit ikkje om eg gjorde så veldig mykje nytte for meg i den jobben, men, men…Du får kose deg vidare i helga!

  2. 2 Solveig 20/03/2010 ved 11:55

    For en flott gave du har laget! Gratulerer til vinneren!
    Jeg var også på gjenbruken i går – fant flotte gamle putetrekk som passer perfekt inn hos meg:o)))
    Jammen er du effektiv – skjønner ikke hvordan du får presset så mye inn på en dag! Nå venter kafebesøk med gutta boys – helgestemningen har senket seg her hos oss også:o)
    Ønsker deg en flott helg, min venn!
    Klem fra Solveig

  3. 3 Erna 28/03/2010 ved 00:47

    Hurraaaaa!!! :))) KJEMPEKJEKT å bli trekt ut – og gevinsten var kjempefin og midt i blinken! I og med at eg alltid har tre strikkearbeid, bunadssaum og hekleprosjekt på gong, så blir denne garantert tatt i bruk med ein gong. Tusen takk!! :))) Påskeklem frå Erna.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: