Nytt på veggen

Dette bildet blei til ein kveld eg og mannen kjende eit akutt behov for å henge noko på ein litt for tom vegg. Det vart litt i minste laget til å havne på veggen som var tom, men vi bytta litt om på ting sånn at det vart litt meir balanse i «veggpryden». No har det hengt der i nokre veker og eg kjenner meg sånn passe nøgd.  Det er ingen favoritt, men det får nok henge der ei stund til.

Basisen for bildet er eit djupt lerret på 30 x 30 cm, og eg har putta på diverse saker etter innfallsmetoden. Materiala er for det meste frå papirhobbylageret: papir, løv, stoff, stempeltrykk, kakeserviett, aluminiumsfugl, stoffteip og maling.

Det sjarmerande gamle stoffet med turkise roser har eg kjøpt på gjenbruksbutikken. Dessverre er kvaliteten for dårleg til at eg kan sy noko særleg av det, men no får det jo vise seg litt fram på veggen!

Advertisements

3 Responses to “Nytt på veggen”


  1. 1 Solveig 15/03/2010 ved 19:00

    Får ikke frem disse bildene dine….Vet ikke hvorfor. Det er bare en stor hvit rute med et rødt kryss i ve. hjørnet…..Får prøve noen ganger og se om det kommer. Dette hørtes spennende ut, ser’u:o)
    Klem fra Solveig

  2. 3 Marthe 18/03/2010 ved 13:32

    Jeg får de også opp, så ikke noe problem her! 🙂 Sånn til info…
    Takk for koselig lørdag! Håper reisen hjem gikk fint! Klem 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: