Korleis bruke restestoff og -garn?

Gratulerer med overstått bursdag kjære Heidi!

Her er noko av det Heidi fekk til bursdagen; lappegrytelappar og ein strikka hals. Begge deler laga etter fri fantasi, med materiale eg hadde liggande. Dette er i god Heidi-ånd; miljøvenleg, unikt og ikkje-industrielt-framstilt. Restelappar blir det fort mykje av, og eg burde bli flinkare å lage noko av dei. Det er jo så gøy! Denne gangen lot eg meg inspirere av mamma, som nyleg lagde grytelappar etter samme prinsippet. Eg syns knappane set prikken over i’en.

Restegarn er det ikkje alltid like lett å lage noko fornuftig av, iallefall ikkje til voksne, og absolutt ikkje mohairgarn…Men når eg er så heldig at eg arvar restegarn frå andre, så føler eg at eg må klare å bruke det til noko. Denne gangen blei kvit mohair blanda med mørkeblått superwashgarn, til ein mjuk og varm hals.

Om nokon vil kopiere ideen og strikke hals av restegarn anbefalar eg tjukke pinnar (str. 6 eller større) og 2 eller 3 trådar. Eg har brukt to trådar mohair og ein tråd superwash ull (hugsar ikkje merket). La opp 30 masker og strikka to rette og to vrange til arbeidet målte ca 50 cm. Sydde ihop kortendane og vips var halsen ferdig.

Advertisements

4 Responses to “Korleis bruke restestoff og -garn?”


  1. 1 torunn 21/02/2010 ved 18:14

    Dette likte jeg kjempegodt!!!! Flotte grytekluter, å sette sammen restestoff får en flott effekt! …mht halsen, er på vei i garnkurven nå for å se hva jeg kan bruke – hilsen fra «hermegåsa» :)) (takk for at du delte oppskriften)

  2. 2 Solveig 21/02/2010 ved 19:20

    Så herlige gjenbruk, min venn! Du er virkelig en av de mest kreative jeg vet om. Dette inspirerer meg til å prøve meg noe med restestoffet jeg har liggende også:o)
    Det ligger en liten hilsen og venter på deg hos meg:o)
    Ønsker deg en flott søndagskveld.
    Klem fra Solveig

  3. 3 Oddbjørg 21/02/2010 ved 19:26

    Hei
    Såg overskrifta inne på bloggen min, og måtte berre klikka meg inn på din, for å få noken tips. Eg har masse reste trå. Drive å strikke sokkar i restegarn no, ulempen er at det blir veldig mange tråar å feste. Men eg har bestemt meg (enda ein gong) for å ikkje kjøpa noko nytt før eg har brukt opp det eg har. Skal ialefall greia det når det gjelde trå til sokkar.

    Ha ei fin veka!
    Oddbjørg

  4. 4 Heidi 22/02/2010 ved 21:38

    Tusen takk for gåva, Kristine! Lappegryteklutane var kjempefine, og halsen også. Hadde den på meg på Fløien igår. Det var godt og varmt! Kanskje eg skal prøve å strikke ein eg også. Fekk meg tjukke strikkepinnar og garn av Sissel til bursdagen. Du er verkeleg kreativ, Kristine. Klem Heidi.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,069 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: