Barselspresang med ny vri

Nok ein kollega har blitt mamma. Denne dama tilhøyrer kortlagingsgjengen på jobben, og eg fekk eit innfall om at eg ville lage ei litt annleis og scrappe-inspirert innpakking til denne barselsgåva.

Eg tok utgangspunkt i ein papirpose, og pynta litt enkelt med fargerikt papir og stempelmotiv. På baksida har eg brukt eit stempeltrykk med teksten frå «Den fyrste song» av Per Sivle.

Den nyfødde har no fått ei vårbukse i mjukt og deilig bomullsstoff. På beinet har eg applikert eit turkis tøystykke med ein liten figur trykt med tekstilmaling.

Og så måtte han jo få ei matchande smekke! Begge deler er merka med K*L*E*M, fordi Kristine Lagde dette Eigenhendig Med glede. Smekka er laga utelukkande av gjenbruksmateriale og har difor fått KLEM RePro-merking.

Advertisements

3 Responses to “Barselspresang med ny vri”


  1. 1 marie t g 16/02/2010 ved 19:06

    Stilig! 😀 Likte både innpakningen og gåva:D

  2. 2 Åse Marit 18/02/2010 ved 20:53

    For ein fin barselpresang! God idè med bukse og smikke som passar saman. Mulig eg stjel den idèen;-)

    Tenkte eg skulle finne fram Børnetøj-boka mi igjen eg også og sjå om eg fekk til ei lita bukse til våre felles link (Solveig!) sin vesle gut, Gustav; som var fødd i går. Koselig med ein liten venn til Amandus:-)

    Ha ein god kveld!

    ..og treng du tips til middag i helga anbefaler eg veldig den kylling- potet- choritzo-forma du finn link til inne hos meg:-) (Men sleng på litt ekstra utblanda buljong for meir av den deilige krafa. Gløymte å skrive det i innelgget..)

  3. 3 Oddbjørg 20/02/2010 ved 09:28

    Så kreativ du er, blei imponert og inspirert. No har eg ein lagt vei å gå før eg kan sy baby-klær, men ein slik pose skulle eg ha fått til.

    Ha ei fin helg!
    Oddbjørg


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: