Strikka englekjole

Eg er så stolt så stolt! Oppskrifta til denne kjolen kom eg over for eit par år sidan, og av ein eller anna grunn tok eg vare på linken. Mange ting talte imot å i det heile tatt tenke tanken på å strikke den, f.eks. at oppskrifta var dansk og at heile kjolen er strikka i holmønster. Ingen av delene hadde eg prøvd før. Men etter å ha strikka ein del basic barneplagg ala Nøstebarn, kom eg til at eg trengde ei utfordring! Då gjekk tankane mine tilbake til denne kjolen som eg syntest var så fin. Og jammen klarte eg utfordringa! Det tok litt tid, men sånn er det jo gjerne når ein skal lære noko nytt.

Eg strikkar kanskje ikkje forferdelig pent, men eg trur også at ein del av grunnen til at det er litt ujamnt her og der kan tilskrivast garnet. Eg har brukt new zealand lammeull frå filcolana, som i oppskrifta, men garnet er litt varierande tjukkelse på. Sjølv synest eg ikkje det gjer noko, men flinke strikkefruer vil nok legge merke til det. I følge oppskrifta skulle det også vere blondekant i halsen, men eg er ikkje glad i altfor masse dill, så eg droppa den.

Kjolen er storleik 1 år. Ein ting er sikkert; denne kjolen skal ikkje seljast, men brukast av nokon eg er veldig, veldig glad i. Kven det blir får tida vise.

Advertisements

6 Responses to “Strikka englekjole”


  1. 1 Jannike 31/01/2010 ved 22:07

    Den var virkelig vakker!!!! Så nå er linken hos meg også – til fremtidig bruk

  2. 2 Sesselja 01/02/2010 ved 11:06

    Utrolig nydelig kjole! Gratulerer med vel gjennomført prosjekt. Jeg er mer misunnelig enn noen gang på dere dyktige strikkedamer!

  3. 3 Inger Lise 01/02/2010 ved 16:16

    Kjempeflinke du!:) – du strikkar vel snart ein slik til deg sjølv også, – med di tolmodigheit så klarer du fint det? :):)

  4. 4 Merete 01/02/2010 ved 23:09

    Nydeleg, Kris! Rett og slett veldig fin. Kortid kjem du på besøk til pensjonat Tolfviks?

  5. 5 Sissel 02/02/2010 ved 02:59

    Så herlig! Den var berre fantastisk fin! 🙂

  6. 6 Monica 02/02/2010 ved 05:03

    Å kor flinke du e Kristine! Kjempe fine kjole!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: