Meir julegåver

Godt nytt år alle sammen!!! Måtte 2010 bli eit år fylt av glede, skaparlyst, fred og gode minne!!!

Svigermor er eit skikkelig bra strikkeforbilde, og fekk denne posen til jul. Laga av både nye og gamle stoff. Med denne kan ho dra med seg strikketøyet hit og dit, for eksempel på nattevakt. Lomme med trykknapp i front gir plass til feks nåleetui og saks. Og for dei som lurer; «Spøt» er eit sunnmørsuttrykk for strikketøy.

Over ser du ein tynn tøypose med glidelås. Før jul lagde eg mange slike, enten med glidelås eller med snorlukking, men eg gløymde å ta bilder. Somme av dei merka eg med lappar der det stod «småting» eller «skittentøy» eller «sko«, og gav dei vekk som reisesett. Praktisk og kjekt å ha når ein skal ut på tur og pakkar i stor koffert eller sekk. Stoffet er tynn nylon som eg fekk maaaange meter av i kassen med det rare i, og dette var det smartaste bruksområdet eg klarte å komme opp med.

Desse kjøkkenhandklea er også laga av stoff frå den tidlegare omtalte forundringskassen. Der fekk eg nemleg nokre meter med tjukt, vaffelvevd bomullsstoff. Desse havna under juletreet, etter å ha blitt kanta og påsydd hempe.

Advertisements

4 Responses to “Meir julegåver”


  1. 1 Åse Marit 05/01/2010 ved 18:47

    Godt nytt år til deg!!

    Så mykje herlig du har laga! Har hatt meg ein runde på bloggen din no og sett på alle dei fine julegåvene du har laga. SÅ mange gode idèar og flotte ting!

    Kjenner eg klør i fingrane etter å sette i gang med noko igjen snart..Her var det i alle fall inspirasjon å hente!

  2. 2 Oddbjørg 06/01/2010 ved 21:32

    Så bra at du hadde ambisjonar og var motivert. Eg leste bladet «I form», og å vara motivert for trening osv. At ein var veldig motivert no i januar, men at det dale fort. Og korleis ein kunne opprettholde motivasjonen osv. Dei hadde noken gode poeng. Viss ein overføre dette til hobbyar som sying og matlaging feks, går motivasjonen berre ein vei. Til meir eg gjere, til fleire idear og lysten til å holda på med det auke.
    Virka som du har det litt på samme måte, du hadde lyst til å gjera mykje meir enn det du fekk gjort. Like konseptet ditt med å laga mat å gi vekk, eg laga og noken knekkebrød og gav vekk (oppskrift og bilde på bloggen min). Hadde vore kjekt å sammenligne oppskrifta, hint hint, kan du legga den ut?

    Like bloggen din 🙂
    Oddbjørg

  3. 3 Anna 08/01/2010 ved 20:24

    Du lagar så mange fine ting! Korleis har du fått til den kule ugla på den eine posen?


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,336 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: