Laga med kjærleik

Det vart ein del heimeproduserte gåver frå meg i år og. Eg brukar som regel å gje vekk noko heimelaga til dei fleste, i kombinasjon med eit eller anna som kan kjøpast for pengar. Det er ikkje alltid så lett å finne på noko spennande, men eg er av dei som synest det er kjekt både å planlegge, lage og kjøpe gåver. Over ser du eit sengesett i barnestorleik, laga til ein liten kompis som er veldig glad i «BILA!». Stoffet kom frå kassen med det rare i som eg fekk av mammaen hans i haust.

Denne strikkejakka gjekk til nevøen min på to år. Han er ein stilig liten kar, og håpet var at denne jakka i litt voksen, gammaldags modell kan passe inn i garderoben. Den er strikka i dobbelt garn, så den skal iallefall halde han varm! Knappane er trukne i lær, og er nok ganske så gamle. På fint kallar vi det vintage, ikkje sant?

Dette var det einaste min stakkars mann fekk av meg i år. Bortsett frå sydentur, så det er vel igrunnen fint lite synd i han…Her har eg brukt gamle, tova ullplagg og laga eit sitteunderlag. To ullstykke er sydd i hop i kantane og for å halde det godt saman har eg sydd nokre bølger på kryss og tvers. Hjerta er filta på med nålefilt-teknikk. Dette skal kunne gjere nytten når han er ute på tur og eg ikkje kan holde han varm!

Advertisements

0 Responses to “Laga med kjærleik”



  1. Kommenter innlegget

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: