Strikkepinneetui – igjen…

Etter nokre månaders pause har eg på ny laga eit par strikkepinneetui. Dette har eg selt til ei venninne som ville har det som julepresang. Eg syns det er kjekt at folk vil handle julegåver hos meg! Takk for tilliten. Denne typen etui er litt ulik dei eg har laga tidlegare, for her er den øvre kanten over pinnane sydd fast.

Det er dessutan ikkje dobbelt lag med lommer på dette etuiet, og ein får dermed ikkje plass til like mange rundpinnar. Men eg har laga ei lomme for rundpinnar som kan romme 4-5 stk, alt etter størrelse. Eg elskar dette stoffet! Det er opprinneleg ein gamal, blå duk i eit nokså kraftig stoff, og eigna seg difor utmerka til strikkepinneetui. Håpar mottakaren blir fornøgd når ho finn dette under juletreet…

Advertisements

3 Responses to “Strikkepinneetui – igjen…”


  1. 1 Solveig 10/12/2009 ved 17:19

    Flott og proft gjennomført som alltid! Dette må da være en flott juelgave! Slike praktiske ting blir i alle fall brukt. Stoffet var knalltøft!
    Snakkes:o)
    Klem fra Solveig

  2. 2 Åse Marit 11/12/2009 ved 22:02

    SÅ herlig stoff!! Og kjempefint strikkepinneetui! Hadde ein plan om div ting eg skulle sy og lage, men det er litt altoppslukande dette mamma- livet. Koser meg masse da, sjølv om det hadde vore kjekt å tatt ei økt på hobbyrommet igjen snart.

    Kos deg masse på ditt hobbyrom i alle fall! Og fortsatt god adventstid!

    Veldig artig med snøen på sida di forresten!

  3. 3 Oddbjørg 12/12/2009 ved 14:40

    Så fint, og utruli praktisk å ha. Eg fekk ei strikkepinneveske til bursdagen, med ulike pinna oppi,greit å ha alt på ein plass. Så no gjenstår det berre å kjøpra sånn ein måle tjukkelsen på pinnane med.

    Ha ei forsatt adventstid
    Oddbjørg


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,069 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: