Notatblokk i tøydrakt

Ahh…det gjorde godt med litt sol og varme, men no er eg tilbake i både kvardag og bloggverden. Her er ein ide eg har knabba frå ein fransk blogg, som har knabba ideen frå ein amerikansk blogg…Det er vel lov å stele litt? Ei notatbok kan jo vere nyttig til så mangt, og i ei slik drakt blir den jo litt triveligare.

Kort beskrivelse av framgangsmåten: Eg har brukt notatblokka som mal, og lagt til nokre ekstra centimeter til sømmonn og folding. Det ytterste laget er laga av strimlar av ulike stoff, og dette laget er quilta fast i eit tjukt stoff som blir «fôr» slik at permen blir litt tjukk. Deretter har eg vrangsydd dette mot stoffet som er på innsida. Snora er sydd fast mellom dei to laga, og den gamle tinnknappen er sydd fast til slutt. Ikkje så veldig komplisert dersom du har sydd litt før.

Advertisements

5 Responses to “Notatblokk i tøydrakt”


  1. 1 Sissel 04/12/2009 ved 14:02

    Dette var veldig fint! Og i tillegg snør det på sida di no.. Jippi, snart jul! 😉

  2. 2 Solveig 04/12/2009 ved 23:31

    Denne var kjempetøff, min venn! Alt du får til….. Nå fikk jeg også lyst å lage en slik en. Hadde nettopp besøk av ei som ønskte seg notatblokk til jul:o)))) Tror jeg må på sykurs igjen:o)
    Ha en flott adventshelg.
    Klem fra Solveig

  3. 3 Malin 06/12/2009 ved 22:19

    Den var veldig fin! Fekk lyst å lage ein sånn eg og no. =)

  4. 4 Solveig 06/12/2009 ved 22:24

    Tusen takk for koselig kommentar ( som alltid :o). Du har så mye godt i deg du!!
    Vet du; i dag har jeg trekt om min første stol!! Litt stolt da, ser du :o)) Litt plunder og ikke helt proff, men den duger da:o)))
    Det er så mye gøy å finne på og så altfor liten tid!
    Ha en flott uke….snakkes.
    Klem fra Solveig :o)

  5. 5 Solveig 13/12/2009 ved 21:19

    He he…..unner dere alle de lussekatter dere kan få :o))))))) Tusen takk for koselig torsdagskveld forresten! Det blir ikke så innmari mye baking her heller-nå pakkes det for harde livet. Må få frem pakkene før jul! I kveld har jeg kost meg og laget julekort ( på min egen måte :o))) Noen skikkelige PC-kort, kan man si:o)
    Klem Solveig


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: