Litt kjøkkenprat

kjøkkenhylle

Eit lite innblikk i kjøkkenet vårt. På veggen har vi ei gamal teakhylle funne på bruktbutikken, fylt med gamle bilete, muggar og glas. Skiltet på veggen seier «I’m not bossy – I just have better ideas». Eg kjende meg igjen i teksten, og måtte berre ha det…Til venstre kan du skimte trådlampa eg lagde for nokre månader sidan. Den er original, og eg har ikkje blitt lei enno. Men det kjem vel til det punktet før eller seinare, som med så mykje anna eg lagar sjølv.

kjøkkenstol

Som du nok har skjønt likar vi å mikse gamalt og nytt. Den høge stolen (bildet kappar beina veldig) har eg  blogga før. Den tilhøyrde bestemora mi, som hadde den på sitt kjøkken. Deretter havna den hos tante, for så å bli min. Eg brukar den ikkje så ofte, men eg likar den så godt! Berre så synd at dei to trinna som opprinneleg høyrde med ikkje lenger er der.

kjøkkenklokke

Klokka er nok eit bruktfunn, til den nette sum av 30 kroner! Opprinneleg var det ei opptrekksklokke som hadde slutta å fungere. Etter å ha dratt vekk urverket (for eit makkverk av tannhjul og spolar!!) og sett inn eit kvartsverk frå clas ohlson fungerar den no utmerka. Men døgnet har fortsatt berre 24 timar.

Advertisements

2 Responses to “Litt kjøkkenprat”


  1. 1 Ann Tove 15/11/2009 ved 23:29

    Koselege ting du har på kjøkkenet.
    Slik høg stol hadde bestemor mi og på kjøkkenet sitt, men den var lyseblå 🙂

  2. 2 Heidi 16/11/2009 ved 00:29

    Koseleg! Morsomt skilt, såg det faktisk på ein butikk i går, artig at du hadde handla det inn! Det er berre så morro å mikse gamalt og nytt, og det å arve og gjere bruktfunn er supermorro. Du har ein personleg stil, og det er då det blir spennande og fascinerande. Eg tek ellers imot oppskrifta vi snakka om her om dagen med takk. Gjorde eit forsøk på ein variant i går, og vart rimeleg fornøgd, men kan veldig gjerne tenke meg å prøve oppskrifta med god referanse!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,074 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: