Hjerte og bloggtips

Etter å ha tilbrakt litt hobbytid sammen med Solveig er det umulig å ikkje bli sjarmert av stilen hennar. Vi har nok ganske ulik stil interiørmessig, men etter ein tur på hytta hennar kan jo kven som helst få lyst til å ominnrede og fylle huset sitt med linputer, rustikke tavler, hjerter, englar, lys, antikvitetar, korger og andre lekre ting i den sjarmerande landstilen. Ho kan å sette det sammen så det blir ein varm, lun atmosfære, og utan at ein føler at tinga er «kopiert» frå ulike blad og bloggar. Eg føler meg priviligert som får vere gjest på Solberget!

ullhjerte

Dette hjertet er laga etter Solveig sin mal, og sidan eg er veldig svak for hjerter måtte eg lage nokre sånne ein kveld. Dei passar kanskje ikkje så godt til min udefinerte, noko retroinspirerte interiørstil, men det får no so vere! Eg har brukt ullstoff til det store hjertet, og utklipp av ein tova ullgenser til det lille. Prikkane er laga med ein slags tjukk tekstilmaling på flaske. Ullstoffet kom i hus då eg kom over denne fantastiske bunken med stoffrullar på Fretex for ei stund sidan. Lucky me! Stoffa er tydelegvis gamle, men ubrukte og nydelege i fargane. Dei er ikkje merka med innhald, anna enn at det står cotton/wool på dei mønstrete. Og at dei garantert ikkje krympar. Om det gjeld for maskinvask gjenstår å sjå…

stoffbunke Fretex

Om du som meg har begynt å leite etter juleinspirasjon er Sjarmerende jul ein veldig fin juleblogg med mange tips! Bak den står ei kreativ dame som har bloggen Sjarmerende gjenbruk, som også er verdt eit besøk.

Advertisements

3 Responses to “Hjerte og bloggtips”


  1. 1 Heidi 30/10/2009 ved 00:07

    Å nei å nei! Har du fått vore på Solberget utan at eg fekk vere med….?! No vart eg misunneleg! Hjertet vart flott. Du finn nok ein plass til det! Her har det også blitt hjerter i dag, om enn i ein anna variant…

  2. 2 Oddbjørg 30/10/2009 ved 20:45

    Ojoj, så masse fint du har laga og mange gode tips. Hatt to veke bloggpause, men blei inspirert av å lesa på din no.

    Ha ei fin helg
    Oddbjørg

  3. 3 Solveig 01/11/2009 ved 19:52

    Åååå snille deg-du er bare god! Tusen takk for kjempekoselige ord. Det varmer virkelig min venn! Men nå må du ikke glemme at du er en av dem jeg henter inspirasjon fra:o) De koselige hobbykveldene der vi utveksler ideer og faktisk får ting til å skje…..For det er ikke alltid en får startet uten noen som drar igang:o)
    Så fint et hjerte du har laget. Hjerter skaper hygge:o) Gleder meg til å starte med de nydelige stoffene jeg fikk av deg:o))))) Måtte uka bli fin og kreativ, min venn.
    Klem fra Solveig


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,971 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: