Julegåveønskeliste

No er det mindre enn to månader att til jul, og dermed offisielt lov til å begynne å gle seg! Julegåveførebuingane mine er endeleg i gang, og fleire har spurt meg om kva eg ønskar meg. Eg hadde så bra uttelling på ønskelista på bloggen i fjor at eg prøvar meg igjen i år. Eg har dessutan lest på Grønn Hverdag sine nettsider at det er miljøvenleg å lage ønskeliste. Men eigentleg skulle eg ønske eg ikkje ønska meg noko som helst, for det mest fornuftige ville vere å seie at om folk ønskar å gje meg noko til jul kan dei heller gje pengane til nokon som treng det meir enn meg. Men eg er veldig svak for gåver også…Ei 50/50 deling ville vore supert! Så eg ønskar meg både geiter frå kirkens nødhjelp og gåvekort frå panduro. Så blir det kanskje ikkje heilt tomt for gåver med mitt navn på under juletreet…

Here it goes, i ikkje-gjennomtenkt rekkefølge:

  • Pengar til gode formål
  • Gåvekort på opplevingar, gjerne ilag med gjevaren, er alltid kjekt. Enten det er middagskalas i heimen eller kino, restaurantbesøk, teater og liknande.
  • Fair-trade produkt, som te, sjokolade, kakao m.m.
  • Bedrift AS

  • Gåvekort på den lokale gjenbruksbutikken eller Fretex.
  • Strikkegarn i ull, gjerne av denne typen og i lyse fargar:

Arwetta ekstra fin merino - Pale Light green (106) - 50 g

  • Boka «Myk start» av May B. Langhelle. Nøstebarnboka er flittig brukt og treng konkurranse!

Myk start - May B. Langhelle

  • Hengelås med kode på som eg kan bruke når eg låsar inne tinga mine på treningssenteret. Ein vakker dag kjem eg til å miste nøkkelen under trening…
  • Treningsbukse type capri/under kneet. Gjerne ei svart  i microfiber. Enten tights eller meir baggy yogavariant.
  • Kvite eller grøne lys som er laga av omsmelta stearinrestar. Er å få kjøpt på NMS gjenbruk over heile landet.
  • Kubbelys (offwhite/kvit/brun) og serviettar. Dette er forbruksvarer som eg alltid blir glad for å få.

  • Ein ny favorittkopp! Eg drikk store mengder te, og favorittkoppen har fått skår og glasuren er begynt å krakelere. Poul Pava har designa nokre herlege, naive krus utan hank som er å finne på Ting (ein butikk eg både elskar og hatar). Der har dei også desse krusa frå Wik og Walsøe som eg likar veldig godt:

Andre ting

  • Heimelaga ting! Som hobbyfanatikar veit er kor mykje tid og omtanke det ofte ligg bak gåver som er handlaga. Dorullnissar også. Om du las det forrige innlegget mitt om ting ein kan lage sjølv: eg hadde blitt glad for alle tinga på lista.

  • Ull, ull, ull! Ull i form av strømpar, singlet, strømpebukse/stillongs, strikkejakke og ullundertrøye er noko eg brukar så og seie heile haust- og vinterhalvåret. Eg hatar å fryse, og eg elskar ull! Til mi store fortviling er det nesten umulig å finne gensarar/jakker som inneheld meir enn 20% ull i vanlege klesbutikkar. Og eg har ikkje tolmod til å strikke til meg sjølv…Jakka under er eit eksempel på ei strikkejakke som fort kunne blitt ein favoritt.

  • Strikkepinnar i bambus. Både rundpinnar og settpinnar. Det bråkar mindre når eg strikkar på nattevakt, og kjennest godt ut mellom hendene. Og så trur eg problemet med glatt garn mot glatte pinnar blir mindre framtredande.
  • Gåvekort på butikkar som sel stoff, sytilbehør, garn, hobbybøker, scrapbookingutstyr osv.
  • Glattetang til å rette ut mitt til tider volumiøse hår. Det treng absolutt ikkje vere ein fancy, dyr modell, for eg har ikkje tenkt å ha den til kvardagsbruk.

Babyliss flatetang

Og heilt til slutt: eg har ingen forhåpningar om å få alt dette! Men eg veit at det er nokon som kjem til å gje meg julegåver uansett, og her har de ei solid tipsliste. Eg er sjølv glad i å gje vekk gåver, og eg veit at det er kjekkare når eg har ein følelse av at det eg gir vekk er noko mottakaren ønskar seg. Lukke til med juleførebuingane alle sammen!

Advertisements

3 Responses to “Julegåveønskeliste”


  1. 1 Heidi 25/10/2009 ved 10:54

    Det var jammen ei flott liste!

  2. 2 Åse Marit 25/10/2009 ved 15:58

    Flott liste med mange gode idèar her! Genialt med dei gåvene til gode formål. Fekk nokre av dei i fjor og dei må opp på øsnkelista i år også.

    Eg såg du venta på lyd om utkomen baby.. Ventar VELDIG sjølv også, er ei veke på ovetid no og gjer ikkje mykje anna enn å ligge å sofaen og gå til kontroll kvar dag på grunn av høgt blodtrykk. Blir tommelomsk av det minste og gler meg så veldigveldig til han er her!! Det kan vere snakk om ei veke til før dei sett i gang fødselen, men eg HÅPER han kjem på betre tankar før den tid!

    Ha ei god veke!

  3. 3 Sissel 28/10/2009 ved 11:28

    Ei kjekke liste ditte her! 😉


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: