Enkle julegåver ein kan lage sjølv

Eg har fått oppmoding frå lillesøstra til ei venninne om å skrive eit innlegg med tips til julegåver ein kan lage sjølv. Fortrinnsvis av det enkle slaget, og gjerne strikke- og hekleoppskrifter. Her kjem nokre forslag!

Hekla trekk til presskanne. Eg er ikkje god på hekling sjølv, men denne såg ikkje så vanskeleg ut? (Bilde frå hekleogstrikkeoppskrifter.com)

heklet tekannevarmer

Kjenner du nokon som skriv dagbok eller treng ei fin notatbok? Med denne teknikken kan ein lage ein personleg dekorasjon tilpassa mottakaren. Kjekt, enkelt og stilig. Kanskje du kan fylle ei bok med gode oppskrifter, legge ved forkle/kjøkkenhandkle/klutar el.l ?

blogg

Pulsvarmarar er eit overkommeleg prosjekt,og kjekt å få. Ikkje krever det mykje garn heller. Her er ei oppskrift eg kunne tenke meg å prøve. (Bilde lånt frå Elisabeths verden)

handvarmere1.JPG

Her er eit par tova tøflar som er både fine og gode på foten.

Gå ein tur i fjøra og samle nokre fine fjøler. Skru dei ihop til noko fint, t.d. bildeoppheng, ramme, smykkeoppheng, knaggrekke osv.og fest augekrokar øverst så du har noko å henge det opp med. Slike smykkeoppheng har eg laga 3 av, og dei har hausta lovord frå fleire.

Smykkeoppheng

Har du symaskin og tilgang på stoff (eg har funne mykje bra handlenettstoff på bruktbutikkar), så er det ikkje veldig krevjande å sy handlenett. Her er ein grei framgangsmåte. Dekorer etter eige ønske, om du ikkje vil ha eit heilt enkelt handlenett. Eg brukar ofte tekstilmaling, men ein kan også klippe ut noko morsomt i stoff og applikere det på nettet.

Handlenett stripete

Evaluen er populær blandt mange. Eg har strikka fleire, og synest den er grei å lage og sit fint på. Men ein kan med fordel legge opp færre masker enn det som står i oppskrifta. (Bilde lånt frå Evas univers)

Om du vil gå for ei gåve som kan etast, kan eg foreslå Pickles sin müsli. Kjempegod! Dekorer eit glas og heng på ein fin lapp, og du har ei sunn, god og miljøvenleg gåve:) Alternativt kan du lage supersunne knekkebrød. Desse har blitt ein schlager i mine kretsar iallefall. Pakk dei fint inn i ein cellofanpose eller ein kakeboks (ta ein gammal metallboks og dekorer den med feks maling eller stoff).

Knekkebrød på rist

Perlestrikka pute i mjukt garn. Denne ville iallefall EG blitt glad for å få.

Lag nokre kort, putt dei i fine, blanke posar og gje dei vekk. Alle treng eit kort i blandt! Desse små korta er heilt enkle, og passar fint når ein berre vil skrive ei lita helsing f.eks når ein gir bort ei gåve.

Hjertekort blå+sand 7x10,5

 

Det var nokre eksempel på rimelege ting dei fleste kan klare å lage, utan å måtte skaffe seg masse utstyr. Elles anbefalar eg desse nettsidene for inspirasjon:

Advertisements

7 Responses to “Enkle julegåver ein kan lage sjølv”


  1. 1 Elisabeth 24/10/2009 ved 15:16

    Så bra å samle enkle julegaveidéer på bloggen. God reklame ble det jo også, takk for det 🙂 Ha en fortsatt god helg!

  2. 2 Ingis 25/10/2009 ved 12:35

    Eg har allereie byrja å strikke Evaluen 🙂 Takk for fine tips. Eg gler meg også til jul, men veit ikkje heilt kor stor julegåveproduksjon eg har tid/ ork til i år…

  3. 3 Oda 25/10/2009 ved 12:37

    Takk for gode tips Kristine!:D
    Planen e å prøve seg på hvertfall notatboka og handlenettet:)

  4. 4 Kort&Som 26/10/2009 ved 15:41

    Bambus pinner er helt suverent å strikke med, jeg kan strikke mye lenger før jeg får vonde skuldere enn hva jeg kan med vanlige strikkepinner! :O)
    Lurt å lage en ønskeliste, så man slipper å få gaver man ikke har lyst på/trenger. Det er jo lite miljøvennelig å stue ting vekk i skuffer og skap for aldri å bruke de!

    Kos deg med god krydderte.. :O)
    Fredrikke :O)

  5. 5 Oda 28/10/2009 ved 11:21

    Hei igjen:)
    Har du tips til kor dei selge billege notatbøker, men som har ganske fint papir inni?:P

    • 6 Kristine 28/10/2009 ved 20:27

      Tja…er ikkje heilt oppdatert på notatbøker for tida, men kanskje Nille? Eller Euro Pris? Mindre billege alternativ finst sikkert på Kontorspar og Libris.

  6. 7 oda 19/11/2009 ved 19:13

    Takk for hjelpa 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: