Gåve til 2åring

forkle bil

Godaste nevøen har nettopp fylt to år! Og stakkaren fekk mjuk pakke frå tanta i år også. Men etter alt å dømme lir han inga naud når det kjem til leikar og bøker, så enn så lenge er det greit å gje vekk gåver som gledar foreldrene meir enn bursdagsbarnet. Forkle må ein jo ha når det snart nærmar seg tid for julebakst! Dessverre er det ingen butikkar som sel pepperkakeformer for tida, så gåva blei ikkje heilt komplett. Men det kjem jo ei jul.

joggebukse A

Barnehagebarn får vel aldri nok joggebukser? Forbokstaven til mottakaren er trykt på det høgre beinet. Eg lagde sjablong av sånn gjennomsiktig klistrete bokomslagsting som eg ikkje kjem på navnet på (kontaktpapir?). Det funka iallefall som berre det!

joggebukse nær

Oppetter A’en har eg brukt symaskina til å brodere ei lang rekke små bilar. Som 2 år gamle gutar flest er også nevøen min glad i bilar, båtar, fly, gravemaskiner, lastebilar, brannbilar og helikopter…Og sidan faren er glad i å lære guten triks, overraska han somme av gjestane i bursdagsselskapet med å fortelle at framme i flyet heiter det «kåkkpitt» og han som styrer flyet heiter «pilotn». Ordforrådet er det ingenting å seie på!

Advertisements

4 Responses to “Gåve til 2åring”


  1. 2 Kort&Som 19/10/2009 ved 20:30

    Kjempe fin bukse!!
    Supert med bilene oppover bokstaven… :o)
    Ha en fin kveld,
    Fredrikke :o)

  2. 3 Kort&Som 19/10/2009 ved 20:31

    Det ble rare smileansikter.. «smiler»..

  3. 4 Oda 20/10/2009 ved 12:20

    Hei:)
    Veldig fin blogg!
    Kan du lage eit innlegg der du gir tips til lure og fine julegåver?:)
    Helst ikkje for vanskelege prosjekt slik at ein ikkje treng å vere super flink for å få det til.
    Visst du har noken gode idéar innafor strikking og hekkling så er eg ekstra interessert? 😀


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: