Forundringspakke og giveaway

kassen m det rare i

Eg har vore så heldig å få ein forundringspakke! Ei venninne har gitt meg denne fantastiske kassen fylt med både det eine og det andre. Silkestoff, ullundertrøye-stoff, lerret, handklestoff, trådsneller og masse flott bomullsstoff av god kvalitet. Tinga har tilhøyrt grandtanta hennar, som ikkje lever lenger. Ho var visst ei nevenyttig dame, og det er ingen tvil om at ho hadde orden i sysakene. Nede i kassen dukka det opp ei liste på ein lapp. Der hadde ho skrive ned kva som fantest i kassen, samt kva det skulle brukast til. Datert 27/12/1975. Eg tvilar på at eg kjem til å fullføre planane hennar, blandt anna hadde ho sett for seg at ho skulle sy ei sykkeldrakt, men eg skal iallefall gjere det beste ut av noko av dette flotte materialet!

Og i god pay-it-forward ånd har eg lyst til å dele litt av godene med mine syglade lesarar. Dersom du har lyst til å få ein forundringspakke med diverse stoff (både frå forundringskassen og mitt eige lager) skriv du det i ein kommentar til innlegget, så trekk eg ein vinnar den 22/10.

Advertisements

12 Responses to “Forundringspakke og giveaway”


  1. 1 SB 15/10/2009 ved 16:43

    Gratulerer med forundringspakke. Så morsomt å få en slik liten skatt fra uventet hold – og så stoff helt tilbake fra det glade 70-tallet. Der gjemmer det seg sikkert noen godbiter. 🙂

  2. 2 Karianne 15/10/2009 ved 17:34

    Eg har lyst på forundringspakke:) Eg e så imponert øve alt du lage, Kristine!Sko ønska eg va lika flinke…
    Ha ein god dag!

  3. 3 Ann Tove 15/10/2009 ved 18:22

    So spennande med forundringspakke. Dette får du til mykje fint av.
    Ha ei fin helg.

  4. 4 Beate 15/10/2009 ved 20:45

    Ja, ja, ja! Jeg vil også ha forundringspakke:)

  5. 5 ann helen høivik skogseth 15/10/2009 ved 23:53

    Så heldig du er så har fått så masse fine stoff. Vil gjerne vere med.

    Og tusen takk for pakken jeg fikk fra deg. Ble veldig nysjerrig da jeg fikk pakke i posten, og kunne ikke skjønne hvem det kunne være fra. Og så fra Førde (er opprinnelig fra Askvoll kommune), men kom ikke på noen jeg kjente som bodde på avsender adressen. Veldig koselig innhold, gleder meg til å smake på juleteen, men skal prøve å vente litt før jeg koser meg med den.

    Ønsker deg en fin helg.

  6. 6 Bergitte 16/10/2009 ved 08:11

    Vil gjerne vere med.

  7. 7 Åse Marit 16/10/2009 ved 13:24

    Åja, jippi, eg er med!!

    Ser ut som du var skikkelig heldig med denne kassa, lekre fargar og mønster:-) Hadde vore fantastisk morosamt om du satte i gang med å sy ei sykkeldrakt da , men skjønner godt at det finnest meir nyttige ting å bruke stoffet på:-)

    Ha ei riktig god helg!

  8. 8 Heidi 17/10/2009 ved 22:46

    Eg vil gjerne vere med på trekning! Du har jo utruleg mange fine og artige stoff! Skulle gjerne sett meir på dei… Og, enten du trur det eller ei, eg har foto av gava eg fekk sist, har ein plan om å presentere det på bloggen ;-).

  9. 9 Hedda 18/10/2009 ved 10:37

    Ja, eg vil gjerne vere med i trekninga, for sykkeldrakt er akkurat det neste som står på lage-lista mi 🙂

  10. 10 Solveig 18/10/2009 ved 19:23

    Så spennende!! Ja, denne havnet i alle fall i de rette hender:o) Kjempekjekt å finne slike lapper med tanker fra eierinnen! Sykkeldrakt…….hmmmm, hvordan hadde den sett ut tro? Ble nesten litt nyskjerring, nå jeg:o)))))
    Men jeg er med på trekninga, jeg:o) Må uansett få rotet frem symaskina mi og sydd litt snart jeg også:o)
    Ha en fin søandagskveld.
    Klem fra Solveig

  11. 11 Sissel 21/10/2009 ved 15:51

    Eg og melder meg på her! 😉 Veldig mykje fint.
    Ha ei strålande veke, håpe alt stende bra til! 🙂


  1. 1 Til folk som likar å reise « Hobbyrommet Tilbakesporing den 19/06/2010 ved 20:29

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: