Calorimetry og award

calorimetry

Eg har endeleg prøvd meg på desse smarte pannebanda. Ein god oppfinnelse for oss som gjerne vil halde oss varme på øyrene sjølv om håret er samla i hestehale. Og ein fin måte å få brukt restegarn på. Oppskrifta er på engelsk, difor tok det litt tid før eg turde å sette i gang. Men det var enklare enn venta, og no har eg laga nokre. Potensielle julegåver. For dei som vil prøve seg på det samme vil eg anbefale å legge opp færre masker enn det som er oppgitt i originaloppskrifta. Den første eg lagde vart veeeldig stor!

calorimetry x 5

Og så har eg fått ein award! Det er jo sjølvsagt stas. Denne kjem frå Solbergets mange prosjekt, som eg har omtalt tidlegare. Ho har ein herleg blogg med fine bilete, varme tankar, og mange kreative prosjekt! Tusen takk, Solveig. Det betyr mykje å få ei slik utmerking frå ein sjefsbloggar som deg!

Kopi_av_nr_2_031

Og så må eg nevne at Fin i Formen har eit aldri så lite jubileum på bloggen sin. Ta ein kikk og bli inspirert du også!

Advertisements

4 Responses to “Calorimetry og award”


  1. 1 Merete 13/10/2009 ved 21:46

    Desse var fine! .. og veldig geniale! Legg du dei ut i butikken?:) Kjem forresten heim ein snartur ikkje no men neste helg. Kanskje rekk vi ein kaffi på drømmekafèen?! m.

  2. 2 Heidi 13/10/2009 ved 22:52

    Hallo! Gratulerer med award. Fine ka- det-no-var-du-kalla-dei, smart at dei passar til hestehalen. Blir nok ikkje strikka slike av meg, for strikke kan eg ikkje. Kanskje det går an å hekle slike??

  3. 3 Åse Marit 14/10/2009 ved 11:13

    Så flotte dei var! Og du er jo skikkelig produktiv!! Ofte praktisk med hestehale og smart med desse pannebanda:-) Den strikkakjolen lengre nede var også skikkelig fin..blir nok ein søt lita snuppe med den i vinter.

    Eg får ikkje gjort så mykje for tida..lite tiltak og overskudd, føler meg veldig på vent for det som skal kome. MEN veldig kjekt å søke inspirasjon i bloggverden:-)

    Ha ei fortsatt god veke!

  4. 4 Ingeborg 20/12/2009 ved 17:00

    Du har tilfeldigvis ikkje omsett oppskrifta til norsk? Eg er ikkje så god på engelsk strikketerminologi…

    – ingeborg –

    PS: Eg har laga både püsli og eva-luen i julegåver etter inspirasjon frå deg 🙂


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,069 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: