Nytt vaskerom

Ein av dei tinga vi var minst fornøgde med då vi kjøpte huset vårt i fjor var badet. Det er eit stort rom, og potensialet er bra den dagen vi tek til å pusse opp. No har vi teke det første steget, som var å kaste ut vaskemaskina og lage vaskerom i boda ved sidan av. Det var ei romsleg bod, med mange store, djupe hyller som var spikra opp på ein temmeleg provisorisk måte av tidlegare eigar. Veggane hadde ulike fargar, og golvbelegget var slitt og fullt av malingsflekkar. Dessverre har eg ikkje skikkelege førbilder! Rommet hadde allereie innlagt vatn og sluk i golvet sidan varmtvannstanken står der, og difor var det mykje som kunne gjerast utan å måtte ruinere seg på å bruke fagfolk. Og heldigvis har eg ein mann som er både handy og glad i fornying og system!

vaskerom

Resultatet er vi begge kjempefornøgde med, for no har vi både vaskerom og bod i eitt. Rommet er praktisk, og likevel stilreint. Bak forhenget i hjørnet har vi forsøkt å skjule varmtvannstanken og sentralstøvsugaren, samt panelet for hovudvasskrana. Der er også plass til å sette tørkestativa når dei ikkje er i bruk. På ikea fann vi eit snertent vegghengt tørkestativ som kan brukast for mindre vask. Dette kan slåast ned når det ikkje er i bruk, og tek ikkje plass over benken. På det samme opphenget vil det komme ei hylle eller to når vi får kjøpt det. Kjøkkeninnreiinga er frå det samme varehuset. Benkeplata har ei høgde som gjer den super når eg skal skjære stoff og drive med syprosjekt. Hobbyrommet er berre eit par skritt unna. Her kan vi slå mange fluger i ein smekk!

No gjenstår det å bestemme seg for kva vi vil gjere med badet. Det blir ein langt meir omfattande jobb, og vil gjere eit skikkelig innhogg i lommeboka. Difor har vi tenkt å bruke god tid på idèmyldring og planlegging. Vi har huset fullt av interiørmagasin og baderomskatalogar. Alle tips blir mottekne med takk!

Advertisements

14 Responses to “Nytt vaskerom”


  1. 1 Solveig 04/10/2009 ved 18:14

    Du må ha verdens ryddigste og reneste vaskerom! Skikkelig fint ble det! Litt misunnelig? Javisst! Jeg skal ikke under noen omstendigheter ta bilde av mitt vaskerom. Lurer på om jeg ikke hadde en disk under der et sted…….nå fikk jeg lyst til å foreta en skikkelig ryddesjau:o)
    Det badet ditt høres spennende ut! Slipp ikke meg inn der, da blir det shabby chic i stilen, skjønner du:o)))))). Men tips til smarte løsninger kan jeg nok være med på:o)
    Ha en flott uke, min venn!
    Klem fra Solveig

  2. 2 Inger Lise 04/10/2009 ved 18:47

    Håddu kor fint det vart:)

  3. 3 torunn 04/10/2009 ved 19:08

    Et slikt vil jeg også ha!! Romslig og praktisk, så flott 🙂 Vi skal ta vaskerommet vårt vi også, alltid kjekt å få ideer. Grattis med nytt vaskerom!

  4. 4 Hedda 04/10/2009 ved 19:44

    Førdes finaste vaskerom, det trur eg nok sikkert at det er! Kjempefint!

  5. 5 Sveinung 04/10/2009 ved 19:53

    Steikje fint! Skulle tru det va gjort av fagfolk..

  6. 6 Kort&Som 05/10/2009 ved 09:27

    Veldig fint vaskerom du har fått!!
    Fredrikke :o)

  7. 7 Rosetrend 05/10/2009 ved 15:01

    Hei!

    Dette var en morsom og spennende blogg å besøke :o)
    Det serviset var kjempefint!

    Ha en fin dag!

  8. 8 Margrethe 05/10/2009 ved 20:09

    Hei og takk for koselig kommentar på bloggen min 🙂
    Fin og variert blogg du har! Vaskerommet ditt var lekkert. Må være veldig greit å ha så god plass, og så ryddig 🙂

  9. 9 Beate 05/10/2009 ved 22:36

    Det som er så magisk med Kris+Svi er at det vaskerommet kommer til å se like ryddig ut alltid, ikke bare like etter oppussing. Veldig fint! Lykke til med neste oppussingsprosjekt!

  10. 10 Heidi 06/10/2009 ved 08:56

    Smeisande fint er det! Og det blir nok badet og til slutt!

  11. 11 lægdahans 07/10/2009 ved 17:00

    Dette rommet vart no so flott at det vel knapt kjem under kategorien vaskerom,- vil no heller kalle det eit grovkjøkken ?? Dokke e no vande med to kjøkken frå før ??Her må no vere perfekt både for løfsebaking, partering av slakt, ribbing av ryper og sying av rullepølser !!

  12. 12 Åse Marit 07/10/2009 ved 20:19

    For eit flott vakserom!! Såg berre kjempepraktisk ut med alle dei skapa og den gode «kjøkkenbenken»!

    Vaskerom og bad er noko av det som står på vent hos oss, så har lite tips å kome med ang bad dessverre..tenker de finn ut av det! Litt skummelt med slike store jobbar som kostar både tid og masse pengar, så skjøner veldig at de vil undersøke og planlegge godt.

    Lykke til med forskinga og ha ei goood veke!

  13. 13 Sissel 07/10/2009 ved 22:11

    Mm..mm..m.. dette var fint! Gledar meg til å inspisere på søndag! 🙂

  14. 14 Anna 08/10/2009 ved 22:43

    Wow… Fantastisk! Sånn vil eg óg ha – ein gong…


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 151,535 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: