Retro handlenett

Grønt handlenett bil

Dette handlenettet har havna i hovudstaden, hos ei som fortente det for å stadig gje meg oppmuntrande ord angåande blogginga mi, ting eg lagar og prosjekt eg drøymer om. Kjære M. : Håpar nettet kan gje deg litt grøn, retroinspirert glede, og at du fortsatt vil heie på meg:)

Under ser du korleis eg har «organisert» stoffa mine. Eg kom til at det vart for tungvint å ha dei i kassar inne skapet, og kjøpte ei open hylle på bruktbutikken. Ikkje så vakkert, men å så praktisk! Eg har ikkje akkurat tellekantar, men no er det iallefall lett å sjå kva eg har. Noko måtte bli i skapet pga plassmangel…

stoffhylla

Advertisements

3 Responses to “Retro handlenett”


  1. 1 Heidi 25/09/2009 ved 19:28

    Du er flink! Eg har no blitt såpass inspirert av handlenetta dine, at eg har laga det første. Det skal nok bli fleire etterkvart! Ja, du må jo ha det lettvint og oversiktleg, er så mykje kjekkare å jobbe då! Ha ein fin fredagskveld!

  2. 2 Merete 25/09/2009 ved 21:58

    Det vil eg – ver du sikker!! Nettet er allereie i bruk og heng til stas på ein knagg på kjøkkenet:) Tusen takk, igjen! Finaste presangen eg har fått i posten på lang tid! Klem frå m.

  3. 3 Åse Marit 27/09/2009 ved 12:43

    Så herlig nett!! Den bilen gjer virkelig susen og gav nettet ein ekstra retrofølelse. Er veldig svak for RETRO- bilar, -bussar -og kjøretøy generelt..Er det stempel du har brukt på nettet?!

    Bebisen har nettopp fått ein heil vegg med retrobilar på det nyoppussa rommet sitt. Håper den superoverbeviste jordmora har rett, at det er ein gut..:-)

    Takk for svar og kommentar inne hos meg. Fann navnebanda og blir nok ei bestilling der.

    Ha ein fiiiin søndag!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Siste innspel

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

Besøkande

  • 152,044 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: