Fancypants

raud velourbukse 1-2Ikkje tidenes bildekvalitet her, men eg ville vise fram ei bukse eg lagde for eit par veker sidan. Samme stoff som den hjertelige jentekjolen eg lagde for ei stund sidan, men denne gongen i bukseformat med fugl på rompa. Skikkelig kosebukse dette her! Veldig mjuk og god, og med god ribb i midjen og føtene. Str. 1-2 år. Havnar i butikken, om nokon er interesserte.

Advertisements

1 Response to “Fancypants”


  1. 1 Åse Marit 23/09/2009 ved 22:25

    Så herlig denne var! Synes det er litt kjekt å gjere litt meir utav buksene og ser her at merke på rumpa funker veldig fint:-) Veit du korleis slik tekstilmaling blir etter vask? Har prøvd meg litt på det, men er så redd det forsvinn etter nokre vask..

    Har blitt litt sying i det siste og tenkte litt på om eg skulle bestille sånne merkelappar.. Kjekt med ein liten signatur når ein skal gi vekk ting. Huskar du kvar du bestilte dine? Kan alltids leite på nettet viss ikkje..

    Skal snart kvinne meg opp (!) og prøve meg på ein liten genser..Har arva haugevis med klede i dei minste størrelsane men få utanpå- genserar og jakker. Kanskje ikkje små babyar brukar så mykje av det, men hadde vore kjekt å prøve å sy ein uansett.

    Du må ha ei fortsatt god veke!


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s




Ting som gjer meg glad:

Veslefrøkna, sol, sjokolade, fargar, Mannen, spennande post, gode ord, fuglekvitter, varm gjærbakst, retrostoff, skaparlyst, initiativ, tørr asfalt, familie, reint sengetøy, gaveinnpakking, vårblomar, fregner, barnesmil, nyoppdaga musikk, krydder-te, engasjerande bøker, knappar, loppemarked, fullføring av hobbyprosjekt, førjulstid, ferie, lønning, gitarklimpring, kommentarar på bloggen...

Mitt varemerke

K*L*E*M =

Kristine
Lagde dette
Eigenhendig
Med glede!

RePro = laga av gjenbruksmateriale eller tøy frå loft og kjellar.

Min eplabutikk

Flittig brukt mønsterbok:

Mine bilete i Flickr

dau

Fleire foto

Besøkande

  • 151,064 nysgjerrige

Ei kjær strikkebok:

Arkiv

Om du ikkje er wordpress-brukar skriv du epostadressa di her, så får du oppdateringar når eg legg ut nye saker.

Join 329 other followers


%d bloggarar likar dette: